Sarkofag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dobbeltsarkofagane for ekteparet dronning Maud og kong Haakon 7., og ekteparet kronprinsesse Märtha og kong Olav V (til høgre) i Det kongelege mausoleet på Akershus festning i Oslo.
Foto: Per E. Hadland
Sarkofag frå Egypt for farao Ramses III, no på Musée du Louvre i Paris.
Romersk sarkofag med relieffbilete som syner jakt på løver, no på Musée du Louvre.
Etruskisk sarkofag med bilete i lågt relieff.

Sarkofag er nemninga på ymse typar av særleg påkosta likkister som markerer den avlidne sin særeigne sosiale eller religiøse status ved det viset kista er utforma på, materialet ho er laga av, og ofte storleiken på ho. Ein sarkofag er difor vanlegvis meint å halde seg i lange tider ved å verte plassert i eit gravkammer, i eit mausoleum, ei kyrkje eller andre typar bygningar der sarkofagen vert synleg for guddommane, eventuelt òg menneske som har fått tilgjenge til staden. Sarkofagar vert difor vanlegvis laga av utvalde steinsortar, men kan vere laga av tre, og har ofte dekor på utsida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sarkofag
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.