Giza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giza, الجيزة
Gatebilete frå Giza
Gatebilete frå Giza
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
Al Jizah
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

3,087,878
Koordinatar 30°01′″N 31°13′″EKoordinatar: 30°01′″N 31°13′″E
Tidssone EST (UTC +2) (UTC)

Giza (arabisk: الجيزة - Al-Ğīzah), er ein by i Egypt, sørvest for Kairo. Giza ligg ved vestbreidda av Nilen og er hovudstad i guvernementet Al Jizah. I dag er Giza samanvoksen med Kairo og ein del av storbyområdet.

Giza er særleg kjend for dei tre store Pyramidane ved Giza. Den største av desse er Kheopspyramiden, som opphavleg var 146,5 meter høg. Dei andre to er Khafrepyramiden og Menkaurepyramiden. Giza er også kjend for den store sfinksen i Giza, og mangfaldige turistar vitjar difor Giza kvar dag. I det moderne Giza ligg også Universitetet i Kairo og ein zoologisk hage.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]