Det kommunistiske manifestet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Communist-manifesto.png

Kjent som Det kommunistiske manifestet eller berre Manifestet er dette skriftet av Karl Marx og Friedrich Engels frå 1848 eit av dei mest namngjetne politiske skrifta i verda og verdshistoria.

Det er etter måten kort, men velformulert og klart i tanken. Det tek for seg historieteori og kapitalismekritikk, kritikk av annan sosialistisk litteratur og eit program og ein strategi for «kommunistane».

Det er grunn til å merke seg at nemninga «kommunist» ikkje har same tydinga i 1840-åra som ho fekk etter den russiske bolsjevikrevolusjonen. Til dømes seier Marx og Engels klart i manifestet at «kommunistane» ikkje skal vere eit eige parti, berre dei mest medvitne i den breiare rørsla.

Fleire av dei slåande formuleringane i manifestet er blitt historisk namngjetne i seg sjølve, kanskje fremst av alle er oppmodinga: «Arbeidarar i alle land, samein dykk!».

Det kommunistiske manifestet kom i nynorsk omsetjing ved August BosseDet Norske Arbeiderpartis Forlag i 1921. Den nynorske omsetjinga kom i ny utgåve i 2014Marxist forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]