Det lysnet i skogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biskopen og eventyrsamlaren Jørgen Moe (1813-1882) i xylografisk portrett ved Adolf Closs etter eit fotografi av Frederik Klem

«Det lysned i Skoven», i moderne språkdrakt «Det lysnet i skogen», er eit dikt skrive av Jørgen Moe i 1850. I songbøker frå 1800-talets har det ein melodi som er lånt frå folkemelodien «Ack Värmeland, du sköna». Seinare sette komponisten Sigurd Islandsmoen (1861–1964) ny melodi til. Diktet er òg vorte sunge til «En liten vise» («Om kvelden når det mørkner») av Arnulf Øverland.[1]

Songen har ofte vore spelt i ØnskekonsertenNRK, gjerne framført av Lommedalen sangkor, og han finst på plata Frem fra Glemselen med Helge Borglund.

I songen skildrar Jørgen Moe korleis han i studietida si vandra gjennem Lommedalen, over Krokskogen og fram til «hvor bakkestupet skrånet» (Krokkleiva) der han såg «brede fjorder» (Tyrifjorden og Steinfjorden) og sitt «kjære hjem» (Mo).

Vegen Jørgen Moe gjekk var ein del av Den bergenske kongevegen mellom Kristiania og Bergen. Restar av vegen er enno godt synleg frå Steinskogen forbi Værtshuset Bærums Verk. Vidare er vegen fram til Sundvollen nesten slik Moe gjekk han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk visebok, Oslo 1993, s. 315

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Det lysned i SkovenWikikilden (frie originaltekstar)