Det osmanske dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suleiman den store er ein kjend osmanarherskar.

Det osmanske eller ottomanske dynastiet var ei slekt som styrte Det osmanske riket i 600 år, frå 1281 til 1923. Det blir rekna for å ha teke til med Osman I, som både riket og dynastiet blei kalla opp etter.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Dei to første herskarane, Osman I og Orhan, brukte berre nemning «hovding» (bey), men i 1383 let Murat I seg krona til sultan. Frå 1517 var sultanane også muslimske kalifar. Det vil seia at dei blei rekna som det andelege overhovudet for islam, med rett til å utropa djihad, heilag krig.

Med den tyrkiske revolusjonen i 1922 blei sultantittelen avskaffa. Kaliftittelen blei avskaffa to år seinare.

Tilhøyring[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var dynastiet av tyrkisk opphav, men etter omfattande politiske giftemål kom det snart til å vera i slekt med dei fleste folkeslaga innan det veldige riket.

Etter at dei erobra Konstantinopel i 1453, tok osmanarane til seg mykje av den bysantinske kulturen, og etter kvart rekna dei seg ikkje som tyrkarar, som blei sett på som udanna bønder.

Lister over herskarar[endre | endre wikiteksten]