Süleyman I av Det osmanske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suleiman den store
Suleyman I of the Ottoman Empire.jpg
Sultan av Det osmanske riket
Regjeringstid 1520–1566 (46 år)
Kroning 1520
Fullt namn Sultan Suleiman Khan
Titlar Kalif
Sultan av Sultanar
Skuggen til Gud på jorda (Kalif),
Cæsar av alle landområda til Roma
Fødd 6. november 1494
Fødestad Trabzon
Død 5./6. september, 1566 (71 år gammal)
Dødsstad Szigetvár i Ungarn
Gravlagd Süleyman-moskeen i Istanbul
Føregjengar Selim I
Etterfølgjar Selim II
Gemalinne Hurrem Sultan (Roxelana)
Koner
Gülbahar Sultan
Dynasti Huset Osman
Far Selim I
Mor Hafsa Hatun

Suleiman I den store[1] fødd 6. november 1494 i Trapezunt, fall i kamp 5. eller 6. september 1566 ved Szigetvár i Ungarn) var sultan over Det osmanske riket frå 1520 til han døydde. Han er nemnd som Suleiman I, medan den svenske historikaren Carl Grimberg kallar han for Suleiman II den store. Under hans leiarskap starta Det osmanske riket stordomstida si og vart ei verdsmakt. Suleiman vart rekna som ein av de fremste herskarane i Europa på 1500-talet, eit fullverdig motstykke til Karl V av Det tysk-romerske riket, Frans I av Frankrike, Henrik VIII av England og Sigismund II av Polen.

Han leidde personleg dei osmanske hærane i erobringa av Beograd, Rhodos og nesten heile Ungarn, omleira Wien og la under seg store territorium i Nord-Afrika så langt vest som Marokko og nesten heile Midtausten. For ei kort stund fekk osmanarane herredømet til sjøs i Middelhavet, Raudehavet og Persiabukta. Riket heldt fram å ekspandere i eit hundreår etter han døydde.

Innanfor riket var Suleiman kjent som ein rettvis herskar og motstandar av korrupsjon. Han verna kunstnarar og filosofar og vart rekna som ein av de største islamske poetar i tillegg til at han var ein dyktig gullsmed. I vesten er han kjent som den store og i den muslimske verda som lovgjevaren,[2] eit kallenamn som stamma frå hans fullstendige rekonstruksjon av det osmanske rettsystemet.

Under hans regjeringstid vart den kjente brua i Mostar, Stari Most, bygd.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Suleiman vart fødd i Trabzon i dagens Tyrkia. Sju år gammal vart han sendt for å studere vitskap, historie, litteratur, teologi og militære teknikkar ved skulane i slottet i Istanbul og som ung mann opprettheldt han eit nært venskap med Damat Ibrahim Pasha, ein slave som skulle verte ein av hans mest trufaste rådgjevarar.[3]

Suleiman si tidlege erfaring med styre var som guvernør av fleire provinsar, av dei Bolu i det nordlege Anatolia og mor hans sin heimstad KaffaKrim.

Under styret til far hans, Selim I, øydela Det osmanske riket det rivaliserande mamelukk-sultanatet, noko som førte til at Syria, Palestina og Egypt vart innlemma og heilage byar som Mekka og Medina vart erobra til riket. Selim kravde tittelen Khadim ul Haremeyn, «tenaren av di to heilage templa» (den store moskéen i Mekka og profeten sin moské i Medina, de heilagste stadane i islam) og hevda òg å vere kalifen, «vaktaren av islam» som vart rekna som den øvste statsleiar og religiøse leiar i islam, både i sunni- og shia-retningane. Selim la òg Persia under seg, der leiar Sjah Ismail I òg hevda å vere kalifen. Han erobra Egypt saman med Al-Mutawakkil III, den siste kalifen i abbaside-dynastiet, noko som gjorde at Selim kunne skaffe seg emblema til kalifen, eit sverd og profeten Muhammed si kappe.

Derfor var Suleiman, i ein alder av 26 då Selim I døydde, herskar over eit langt mektigare rike og sultanat som han ville helde fram å ekspandere til han døydde 46 år seinare.

Militære erobringar[endre | endre wikiteksten]

Erobringa av Beograd[endre | endre wikiteksten]

Etter at han tok over etter far sin, innleia Suleiman ei rekke militære erobringar. Først, i 1521, slo han ned eit opprør leia av guvernøren i Damaskus som var utnemnd av osmanarane. I august 1521 hadde Suleiman fullført erobringa av byen Beograd og hadde erobra Serbia og rykket djupt inn i hjarte av Sentral-Europa.

Gjenoppbygginga av murane rundt Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

I 1517 hadde det islamske Osmanske riket under Selim I tatt Palestina frå egyptiske mamelukkar, Suleiman var så bergtatt av byen Jerusalem og forfallet her etter å ha vorte forsømt i hundreår under mamelukkane sitt styre, at han gav ordre om å byggje ein storslagen festningsmur som framleis står rundt gamlebyen.

Rodós[endre | endre wikiteksten]

Selim I hadde planlagt å gå til åtak på den kristne festninga på Rhodos før han døydde. I 1522 fullførte Suleiman far sin sitt mål då 400 skip førte 200 000 mann til øya. Mot denne styrken hadde Maltesarordenen rundt 7000 soldatar og murane kring byen. Omleiringa varte i seks månader og etter at han var slutt let Suleiman dei overlevande forlate øya og trekke seg tilbake til kongedømet Sicilia. I bytte for dette lova riddarane å la Suleiman sine område vere i fred, eit løfte dei snart braut.

Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Kongeriket Ungarn

Den 29. august 1526 sigra Suleiman over Ludvig II av Ungarn i slaget ved Mohács og osmanske styrker okkuperte nesten heile Ungarn. Ludvig II vart drepe og då Suleiman kom over den livlause kroppen av den femten år gamle kongen skal han ha sagt at «eg kom med våpen mot han, men det var ikkje ønsket mitt at han skulle kuttast ned medan han knapt har smakt på det søte livet og kongemakta.»[4]

Under det osmanske åtaket braut den politiske orden saman og ein maktkamp følgde då nokre ungarske adelsmenn føreslo at Ferdinand av Habsburg, som var herskar av nabolandet Austerrike og knytt til Ludvig sin familie gjennom ekteskap, skulle verte konge av Ungarn og viste til tidlegare avtalar om at habsburgarane skulle ta over den ungarske trona dersom Ludvig døydde utan arvingar. Men andre adelsmenn vendte seg til adelsmannen Johannes Zápolya som hadde støtte hos Suleiman og som vart utan respekt hos dei kristne maktene i Europa. Ein tresidig konflikt følgde då Ferdinand starta å sikre sitt styre over så mykje av det ungarske kongedømet som han kunne klare. Dette førte til ei tredeling av landet innan 1541. Suleiman kravde nesten heile dagens Ungarn, kjend som Stor-Alföld, til Det osmanske riket og sette inn familien til Zápolya som herskarar over den sjølvstendige delen Transilvania, ein vasallstat av imperiet. Ferdinand I kravde «kongelege Ungarn», inkludert dagens Slovakia, vestlege Kroatia og områda rundt. Dette vart mellombels grensa mellom habsburgarane og osmanarane.

Under Karl V av Det tysk-romerske riket og bror hans Ferdinand, erkehertug av Austerrike, tok habsburgarane tilbake Ungarn. Suleiman invaderte på nytt to gonger, men vart slått tilbake etter omleiringa av Wien i 1529 og 1532. I 1533 vart ein avtale signert med Ferdinand som delte Ungarn mellom habsburgarane og Zapolya, men då Zapolya døydde, var Ferdinand utan dei ungarske områda, noko som førte til ein ny kamp for å annektere Ungarn og fleire fredsavtaler som gjenoppretta status quo.

Persia[endre | endre wikiteksten]

Safavidane sitt imperium med grensene i 1512

Då konflikten raste ved grensetaktene til Suleiman sine europeiske område, heldt framgangen fram på ein annan front mot det rivaliserande shiittiske safavide-riket som herska over Persia (som òg omfatta store delar av dagens Irak). Suleiman førte tre felttog mot safavidane. I det første fall den historisk viktige byen Bagdad til Suleiman sine styrker i 1534.

Det andre felttoget (1548–1549) resulterte i mellombels framgang i Tabriz og Aserbajdsjan og ein vedvarande nærvær i provinsen Van og nokre fort i Georgia.[5]

Under det tredje åtaket i 1555 klarte ikkje styrkane til Suleiman å sjalte ut hæren til sjahen som trekte seg tilbake inn i fjella i Luristan. Dei skreiv under ein avtale ved Amasya der sjahen anerkjende dei eksisterande grensene og lovde å stoppe tokta sine inn i landet til osmanarane.[6]

Nord-Afrika og Midtausten[endre | endre wikiteksten]

Store område i Nord-Afrika vest til Marokko vart òg innlemma i riket til osmanarane. Berbarstatane Tripolitania, Tunisia, Algerie og Marokko vart autonome provinsar i riket og tente ei leiande rolle i konflikten til Suleiman med Karl V som mislukkast i eit forsøk på å drive ut tyrkarane i 1541. Piratverksemda som vart drive etter dette av berbarpiratane i Nord-Afrika vart ein del av krigane med Spania og den osmanske ekspansjonen førte til herredøme til sjøs i ein kort periode i Middelhavet.

Den osmanske marinen kontrollerte òg Raudehavet og heldt Persiabukta til 1554 da skipa deira tapte mot den portugisiske flåten. Portugisarane ville helde fram å utfordre styrkane til Suleiman om kontrollen over Aden.

Tunis[endre | endre wikiteksten]

I 1533 vart Khair ad Din, kjent for europearane som Barbarossa (raudskjegg), gjort til øvste admiral i den osmanske marinen som aktivt kjempa mot den spanske marinen. I 1535 vann den tysk-romerske keisaren Karl V (Karl I av Spania) ein viktig siger mot osmanarane ved Tunis, men i 1536 allierte Frans I av Frankrike seg med Suleiman mot Karl. Flåten til Karl tapte i 1538 i slaget ved Preveza mot Khair ad Din som dermed sikra det austlege Middelhavet for tyrkarane dei neste 33 åra.

Frans vart overtalt til å underskrive ein fredsavtale med Karl V same år, men han allierte seg igjen med Suleiman i 1542. Året etter allierte Karl seg med Henrik VIII og tvinga Frans til å signere våpenkvilen i Crepy-en-Laonnois. Karl inngjekk ein avtale med Suleiman for å skaffe seg noko kompensasjon for den kostbare krigen.

Da Spania erklærte krig mot Frankrike i 1544, bad Frans om hjelp frå Suleiman. Han sendte så ein flåte leia av Khair ad Din som sigra over spanjolane og klarte å ta tilbake Napoli frå dei. Suleiman gav han tittelen baylar bey (generalkommandant). Eit resultat av alliansen var den harde sjøduellen mellom Dragut og Andrea Doria som enda med at det nordlege Middelhavet vart verande under europeisk herredøme, medan det sørlege Middelhavet var i muslimske hender.[7]

Malta, eit vendepunkt[endre | endre wikiteksten]

Malta

Da Johannittarordenen vart reetablert som Maltesarordenen i 1530 førte åtaka deira mot muslimske sjøstyrkar raskt til at dei kom i konflikt med marinen til osmanarane, som samla ein veldig styrke for å fjerne riddarane frå Malta. I 1565 invaderte de og starta på den store omleiringa av Malta som byrja 18. mai og varte til 8. september (og som er gjengitt i Matteo Perez d'Aleccio sine freskar i St. Michael- og St. George-hallen). I byrjinga såg slaget ut til å verte ein repetisjon av slaget i Rhodos der nesten alle byene vart øydelagd og rundt halvparten av riddarane mista livet i kamp, men ein forsterkingsstyrke frå Spania gjekk inn i slaget, noko som førte til tapet av 30 000 osmanske soldatar .

Etter dette vendte han augene mot Ungarn igjen. Han fall under slaget ved Szigetvár i Szigetvár, Ungarn, 5. eller 6. september 1566.

Lovgjevar[endre | endre wikiteksten]

Suleimaniyemoskéen ruvar over Istanbul.
Portrett av Sultan Suleiman den Store frå 1559 av Melchior Lorck. Koparstikk 406 x 287 mm tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København

Osmanarane kalla Suleiman Kanuni eller «lovgjevaren». Inskripsjonen på Suleymanie-moskéen i Istanbul, som vart bygd for han, omtalar han som Nashiru kawanin al-Sultaniyye ('spreiaren av dei sultanske lovene'). Det vert sikta til Suleiman si revidering og innføring av sultaniske «kanun»-lover brukt i situasjonar som ikkje direkte var dekte under islamsk sharia: «I islamsk tradisjon, dersom ei sak gjekk utanfor retningslinjene som ligg i sharia, kunne domen i saka verte teken frå liknande saker som var dekte av sharia... ein metode i justistenking...akseptert av dei mest liberale sharia-retningane, hanifisme» som «dominerte osmansk lov.»[8] Etter Suleiman fekk kanun-lovene si endeleg form og lovene vart kjent som kanun-i osmani, dei «osmanske lovene».

Rettferd og likskap[endre | endre wikiteksten]

Suleiman var kjent for å vere ein rettferd herskar som valde sine underorda etter meritter føre sosial status eller popularitet. Den austerrikske ambassadøren, Ghiselain de Busbecq, skreiv om han: «Når han gjer sine utnemningar, bryr sultanen seg ikkje om velstand eller grad, han dømer heller ikkje anbefalingar eller popularitet. Han vurderer kvar sak på sine eigne merittar og undersøker nøye karakteren, emna og meiningane til mannen som det er snakk om.»[9]

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Under Suleiman sitt styre vart hundrevis av sultanverna kunstneriske samfunn (kalla Ehl-i Hiref, «dei evnerike samfunna») administrert ved hovudsetet i riket i Topkapi-palasset i Istanbul.

Etter ei tid som lærlingar kunne kunstnarar og handverkarar rykke opp i gradene innan sitt felt og vart betalt løn kvar tredje månad. Lønningsregister som har overlevd viser breidda av Suleiman si omsut for kunsten: «Dei tidlegaste dokumenta, trekt opp i 1526, viser 40 samfunn med over 600 medlemmer. Innan 1600-talet hadde talet samfunn auka og medlemskapet deira hadde stige til rundt 2000. I tillegg til kunstnarane som var tilsett i de imperielle samfunna, hadde Istanbul, som alle viktige senter i riket, forskjellige laug av kunstnarar som tok seg av behov både i landet og i utlandet.»[10]

Diktaren[endre | endre wikiteksten]

Den britiske historikaren E.J.W. Gibb skreiv at «aldri, sjølv ikkje i Tyrkia, vart det gjeve større oppmuntring til poesi enn under styret til denne sultanen.»[11]

Nokre av Suleiman sine vers, skrive under psevdonymet «Muhibbi», har vorte tyrkiske ordspråk, inkludert dei velkjente «alle siktar mot den same meininga, men mange er utgåvene av soga» og «i denne verda er ei tilstand av god helse den beste tilstand».[12] Han skreiv på tyrkisk, persisk og arabisk.

Islamsk kalligrafi[endre | endre wikiteksten]

Diwani er ein kalligrafi-variant av den arabiske skrifta, ein kursiv-stil utvikla av Housam Roumi som var mest populær under Suleiman sitt styre. Det vart brukt i den osmanske divan til å skrive alle kongelege resolusjonar, utskrivingar og overføringar og var ei av av løyndomane i palasset til sultanen. Reglene for denne skriftforma var ikkje kjent for alle, men avgrensa seg til herrane som nytta ho og nokre få utvalde studentar.

Religiøs toleranse[endre | endre wikiteksten]

Nokre kristne slavar i Det osmanske riket under Suleiman fekk viktige posisjonar. Ibrahim Pasha vart storvisir i tretten år.

Suleiman heldt fram politikken med religiøs toleranse ovanfor jødar som vart sett i gang av Bayezid II, som hadde teke imot jødar som vart utvist frå Spania i 1492.

I eit brev til pave Paul IV i 1556, bad Suleiman om umiddelbar lauslating av marranoar i Ancona, som stod ovanfor forfølgingar etter at dei kom under paveleg autoritet. Suleiman erklærte dei osmanske borgarar. Paven hadde ikkje noko anna val enn å frigjere dei.[13] Suleiman tilsette òg ein jødisk lege, rabbinaren Moshe Hamon.[14]

I byen Jerusalem førte styret til Suleiman og dei etterfølgjande osmanske sultanane til ein periode med religiøs fred. Jødar, kristne og muslimar nøyt den religiøse fridomen som osmanarane gav dei og det var mogeleg å finne ein synagoge, ei kyrkje og ein moské i same gate. Byen var open for alle religionar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Süleyman I av Det osmanske riket

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]