Det polske sosialistpartiet PPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det polske sosialistpartiet (Polska Partia Socjalistyczna, PPS) var eit dei viktigaste venstrepartia i Polen frå skipinga i 1887 til den kommunistiske maktovertakinga i 1948.

I 1948 vart PPS ramma av kløyving, da kommunistane bruka «salamitaktikk» mot all opposisjon. Ein fraksjon ønskte å gå i lag med Det polske bondepartiet og lage ein front mot kommunistane, men ein annan fraksjon meinte dei burde gå i lag med kommunistane for å skipe ei sosialistisk samfunnsordning, samtidig som dei motarbeidde eittpartistaten.

Leiaren av Bondepartiet ville uansett ikkje ha nokon front saman med sosialistane, og kommunistane kunne utnytte situasjonen og kløyve PPS. I 1948 vart Det sameinte polske arbeidarpartiet (Polska Zjednoczona Partia Robotnicza; PZPR) skipa av kommunistane og eine fraksjonen av PPS. Dette vart det leiande partiet i Folkerepublikken Polen, medan den andre fraksjonen av PPS heldt fram blant emigrantar og i eksilregjeringa.

Eit nytt parti med same namnet, eit parti som ønskjer å halde fram tradisjonane til det opphavlege PPS, vart etablert av venstreorienterte opposisjonelle i 1987. Men det nye partiet spelar berre ei marginal rolle i polsk politikk i dag.

Josef Pilsudski, som grunnla den polske staten etter første verdskrigen, var medlem i og leiar for PPS ei tid.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen.