Det russiske museet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikhailovskijpalasset som i dag hyser ein del av samlingane til Russisk Museum

Det Russiske Museum er den største samlinga i St. Petersburg av russisk kunst.

Museet vart grunnlagt 13. april 1895. Grunnleggjinga fann stad då Nikolaj II vart krynt til tsar, og skulle vere til minne om far hans, Aleksander III. Ved grunnleggjinga besto samlinga av kunstverk henta frå Eremitasjen, Aleksanderpalasset, og frå St. Petersburgs kunstakademi. Etter revolusjonen i 1917 vart mange privatsamlingar nasjonalisert og flytt til Russisk Museum. Mellom desse var Kasimir Malevitsj sitt Svart firkant.

Hovudbygninga til museet er Mikhailovskijpalasset, ein overdådig nyklassistisk bustad som hadde høyrt til storhertug Mikhail Pavlovitsj. Palasset vart reist 1819-25, etter ei teikning av Carlo Rossi, på Kunstplassen i St. Petersburg. Etter storhertugen døde fekk eigedomen namn etter kona hans, storheruginna Elena Pavlovna. Bustaden vart velkjend for sine mange teaterframsyningar og adelsball.

Nokre av hallane i palasset har behalde interiøret frå den tida det var ein keisarleg residens. Andre bygningar knytt til Russisk Museum er Sommarpalasset til Peter I (1710-14), Marmorpalasset til greven Grigorij Orlov (1768-85), Mikhailpalasset tilhøyrande tsar Paul (1797-1801), og StroganovpalassetNevskij Prospekt (1752-54).

[endre] Etnografisk avdeling

Etnografisk avdeling vart opphavleg lokalisert i ein bygning teikna for formålet av Vladimir Svinjin i 1902[1]. Museet fekk snart i oppgåve å hyse gåver til tsarfamilien, motteke frå representantar frå folk som budde i ulike regionar i det russiske imperiet. I tillegg kom verk som vart erverva gjennom regulære ekspedisjonar til ymse delar av Russland. Desse oppkjøpsturane kom i gong frå 1901. Attåt vart gjenstandar kjøpt av Nikolaj II og andre medlemer av familien hans, då statskassa ikkje hadde midlar nok til å kjøpe nye gjenstandar. Ei samling av buddhistiske gjenstandar vart erverva til museet av fyrsten Esper Ukhtomskij. I 1934 fekk Etnografisk avdelinga status som sjølvstendig museum under namnet 'Russisk museum for etnografi'.

[endre] Referansar

  1. Russian Museum accessed 8 July 2008

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk