Det sørafrikanske kommunistpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det sør-afrikanske kommunistpartiet SACP blei danna i 1921, med namnet Communist Party of South Africa. SACP er ein partner i den trepartsalliansen som elles består av ANC og fagrørsla COSATU.

I førstninga var partiet heilkvitt, men frå 1924 begynte partiet også å organisere svarte arbeidarar. Strategien til partiet blei formulert slik: «Den mest direkte linja for å nå fram til sosialismen går gjennom massekamp for fleirtalsstyre.»

I 1950 blei partiet erklært ulovleg. Det gjekk over til å arbeide illegalt, og relanserte seg sjølv i 1953 med sitt noverande namn, South African Communist Party SACP. Partiet blei ikkje lovleg att før i 1990.

Blant prominente leiarar i SACP kan nemnast Joe Slovo, Chris Hani og Braam Fischer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]