Det skeive tårnet i Pisa
Det skeive tårnet i Pisa (italiensk Torre pendente di Pisa eller Torre di Pisa) er kampanilen (eit frittstandande klokketårn) til katedralen i den italienske byen Pisa.
Tårnet byrja å verte skeivt allereie kort tid etter at konstruksjonen starta i august 1173. Tårnet står bak katedralen på Campo dei Miracoli (mirakelplassen). Tårnet er 55,86 m frå bakka på den lågaste sida, og 56,70 m på den høgaste sida. Veggene er 4,09 m ved bakka og 2,48 m ved toppen. Vekta er estimert til 14 500 tonn. Tårnet har 294 steg.
[endre] Historie
Tårnet er bygt av kvit carraramarmor. Bygginga gjekk føre seg i tri etappar over ein periode på ca. 200 år. Den første etasjen av tårnet vart starta 9. august 1173. Dette var ein periode med militær og økonomisk framgang. Fyrste etasje er omgjeven av søyler med klassiske kapittel.
I mange år gjekk ein ut frå at Guglielmo og Bonanno Pisano stod bak bygginga. Dette er idag ikkje lenger utan vidare akseptert.
I 1178 var bygginga komen til tridje etasje. Tårnet byrja da å bli skeivt. Årsaka til at tårnet lener seg, er at det berre er eit tri meter djupt fundament, og grunnen er veik og ustabil. Tårnet var heilt frå starten konstruert feil. I 100 år stoppet bygginga medan Pisa var i nesten konstant strid med Genova, Lucca og Firenze. Dette gjorde at grunnen stabiliserte seg, og ellers ville tårnet ganske sikkert ha velta. I 1198 vart det mellombels installert klokker i det uferdige byggverket.
Giovanni di Simone, som var arkitekt for Campo dei Miracoli, sette i 1272 igang med å byggje att på tårnet. Dei neste fire etasjane ble bygde i ein vinkel til dei lågare etasjane for å kompensera for skeivskapen. I 1284 tapa Pisa for Genova i slaget ved Meloria. Då vart bygginga stansa på nytt.
Fyrst i 1372 vart den siste etasjen, klokkerommet, bygd av Tommasso di Andrea Pisano. Klokkene vart installerte der. Han klarte å skape harmoni mellom dei gotiske elementa i klokkerommet og den romanske stilen til sjølve tårnet. Det finst sju klokker som tilsaman dannar ein skala. Den største klokka vart installert i 1655.
Galileo Galilei skal ha sloppi to kanonkuler med forskjellig masse frå tårnet for å demonstrere at den tida kulene bruker på å¨falla, er uavhengig av massane sine. Dette vert rekna som ein myte, trass i at det var ein student av Galileo som fortalte soga.
I 1838 sørgde arkitekten Alessand ro Della Gherardesca for å få gravi ut ein gangveg kringom tårnet, slik at den nedste delen vart synleg. Dette førte til ei oversymjing, som vidare førte til at tårnet vart endå skeivare.
Benito Mussolini gav ordre om at tårnet skulle verte retta opp. Sement vart ført inn i fundamentet. Resultatet var uventa, for tårnet sank ned i den mjuke grunnen. Under den andre verdskrigen øydela dei amerikanske militære nesten alle tårna i Pisa på grunn av den potensielle faren dei innebar. Det skeive tårnet stod på lista, men vart redda i den siste augeblunken.
27. februar 1964 bad den italienske regjeringa om hjelp til å førebyggje at tårnet skulle velte. Ei multinasjonal gruppe sett saman av ingeniørar, matematikarar og historikarar trefte saman på Asorene for å drøfte metodar for å stabilisere tårnet. I januar 1990 kom dei fram til at tårnet måtte stengjast for alt publikum. Klokkene vart fjerna, og tårnet vart forankra med kablar rundt tridje etasje. Hus og leilegheiter i risikosonen vart evakuerte. Etter arbeidet vart tårnet opna att for publikum den 15. desember 2001. Mange metodar vart føreslegne. Dei enda opp med å fjerne 38 m³ av grunnen under den eleverte delen av tårnet. No reknar ein at det er sikra for dei neste 300 åra.
[endre] Eksterne lenkjer
- Mal:Offisielt nettsted

- The Leaning Tower of Pisa Virtual reality presentasjon