Republikken Genova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Repubblica di Genova
Republikken Genova
Blank.png
1000-talet1797 Flag of Genoa.svg

Flagget til Genova

Flagg

Plasseringa til Genova
Republikken Genova og den italienske halvøya i 1796.
Hovudstad Genova
Språk Italiensk
Styreform Republikk
Doge
 - 1339-1344 Simone Boccanegra
Historie
 - Oppretta 1000-talet
 - Erobra 14. juni 1797

Republikken Genova (italiensk Repubblica di Genova) var ein sjølvstendig stat i Liguria på nordvestkysten av Italia frå 1000-talet til 1797, då han vart invadert av revolusjonshæren til Det første franske keisardømet under Napoleon. Han vart etterfølgd av Den liguriske republikken, som eksisterte til 1805 før han vart annektert av Frankrike. Sjølv om republikken vart erklært gjenoppretta i 1814, etter Napoleon sitt fall, var dette berre kortvarig og han vart til slutt annektert av Kongedømet Sardinia.

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Republikken har sitt opphav tidleg på 1000-taletGenova vart ein sjølvstyrt kommune i det gamle Regnum Italicum. I dei første hundreåra var Genova den viktigaste handelsbyen i kongedømet etter Venezia og Genova byrja å utvide områda sine under krosstoga. Flåten hennar transporterte mange troppar og vann mange busetnadar i Midtausten og dette gav store handelsfordelar. På 1200-talet var Republikken Genova alliert med det austromerske Keisardømet Nikea, som fekk hjelp av Genova til å ta tilbake Konstantinopel i 1261. Alliansen gav Republikken mange nye handelsvegar og sjansen til å erobre mange øyar og busetnadar i Egearhavet (den viktigaste av desse var Khíos, som først gjekk tapt igjen i 1566). Same hundreåret erobra Republikken viktige handelsstader i Svartehavet og Genova kontrollerte mange busetnadar på Krimhalvøya. Vest i Middelhavet var Pisa den største rivalen til Genova, og dei vart slått i sjøslaget ved Meloria (1284). Genova overtok då Korsika og tok seinare kontroll over nordvestlege område av Sardinia (Giudicato av Logudoro). I striden mellom Angevin og Kongedømet Aragon om kontroll over Sicilia etter Den sicilianske aftensongen i 1283 valde genuesarane til alt hell å støtte Aragon, sida som vann, og fokuserte på siciliansk økonomi med full kraft, lånte pengar til dei herskande klassane, organiserte og kontrollerte produksjonen av sukker og silke. Dei fekk òg monopol på eksport av korn frå Sicilia, som Genova var avhengig av, sidan dei sjølv ikkje hadde område som var egna for korndyrking. Magreb var derimot òg avhengig av dette kornet og i byte fekk Genova afrikansk gull.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av økonomiske nedskjeringar i Europa seint på 1300-talet, i tillegg til ein lang krig med Venezia, som kulminerte med tap i Chioggia (1380), gjekk det nedover med Genova. Den aukande makta til Det osmanske riket erobra genuesiske område i Egearhavet og handelen til Svartehavet stoppa etter kvart opp.

Områda til Republikken Genova aust i Middelhavet, 1450.

Genova vart etter kvart okkupert av anten Frankrike eller Hertugdømet Milano i lange periodar. Frå 1499 til 1528 nådde Republikken botn og dei var nesten kontinuerleg okkupert av Frankrike. Spanjolane, med sine allierte innanfor Republikken, den «gamle adelsslekta» som forskansa i fjella bak Genova, erobra byen 30. mai 1522 og plyndra byen nådelaust. Då den store admiralen Andrea Doria allierte seg med Keisar Karl V for å drive bort franskmennene og gjennopprette sjølvstende til Genova, opna det seg nye høve og i 1528 gav genuesiske bankar dei første låna til Karl.

Ny oppgang[endre | endre wikiteksten]

Etter dette fekk Genova ein slags oppgang då dei genuesiske bankane finansierte mange av Spania sine utanlandske prosjekt frå kontora sine i Sevilla. Historikaren Fernand Braudel kalla til og med perioden frå 1557 til 1627 for «den genuesiske tidsalderen», «av eit styre som var så taktfull og sofistikert at historikarar i lang tid ikkje la merke til det» (Braudel 1984 s. 157). I dag kan vitjande sjå dei stor rikdomane i fasadane på Mannerist og Baroque palazzo langs Strada Nova eller via Balbi i Genova, som i røynda ikkje var Genova sine, men høyrte til ein liten indre sirkel av bankmenn, verkelege «ventureinvestorar» .

Opninga for dei genuesiske bankane var statsbankerotten til Filip II i 1557, som trekte dei tyskane bankane ut i kaos og enda perioden med Fuggerane som spanske finansmenn. Dei genuesiske bankmennene gav det svære Habsburgsystemet flytande kapital og ei fast inntekt. Til gjengjeld vart amerikansk sølv sendt frå Sevilla til Genova, som gav kapital til vidare investeringar. Den genuesiske bankmannen Ambrosio Spinola, marqués de los Balbases oppretta til dømes ein hær, som han sjølv leia i åtteårskrigen i Nederland tidleg på 1600-talet. Nedgangen til Spania på 1600-talet førte òg til nedgang for Genova, og den spanske krona gjekk ofte konkurs, noko som ruinerte fleire handelshus i Genova.

Slutten[endre | endre wikiteksten]

Nedgangen til Genova haldt sakte, men sikkert fram på 1700-talet, og i 1768 vart dei tvungen til å selje Kosika til Frankrike etter eit lokalt opprør på øya. Genova var derimot lang meir velståande enn Venezia på denne tida og var eit stort handelssenter. I 1797 vart Republikken okkupert av den franske hæren til Napoleon Bonaparte, som styrta den gamle eliten som hadde styrt byen i heile historia, og erstatta dei med ein populær republikk kalla Den liguriske republikken.

Etter Napoelon tok makta i Frankrike vart det vedtatt ei meir konservativ grunnlov, men Den liguriske republikken vart kortvarig, og i 1805 vart han annektert av Frankrike og vart départementeta Apennins, Gênes og Montenotte. Etter Napoleon sitt nederlag våren 1814, erklærte den lokale eliten, oppmuntra av den britiske agenten Lord William Bentinck, at den gamle Republikken var gjenoppretta. Under Wienerkongressen vart det derimot avgjort at Kongedømet Sardinia skulle få Genova. Britiske troppar slo ned republikken i desember 1814 og han vart annektert av Sardinia 3. januar 1815.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Fernand Braudel (1984) Civilization and Capitalism, s. 157-174 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.