Diagonalsjikting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diagonalsjiktinga i sandyner kan verte store, som på denne ergen frå juratida.

Diagonalsjikting eller kryssjikting er strukturar i sand, grus, sandstein og kvartsitt, der dei enkelte sjikta står skrått i forhold til den regionale lagdelinga. Diagonalsjikting oppstår ved avleiring på flater som heller nedover i straumretninga, til dømes på nedsida av banker, sanddyner eller straumriflerstrender, elvesletter eller botn av elver. Ein kan få særleg høge diagonalsjikt i vindblåst ørkensand.

I Noreg er det vanleg med diagonalsjikting i kvartsitt og sandstein med forskjellig alder. Ein kan stundom sjå diagonalsjikting danna i isranddelta frå slutten av den siste istida i sandtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Diagonalsjikting