Kvartsitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvartsitt
Tynn skive av kvartsitt frå Salangen i Troms

Kvartsitt er ein sandstein som ved avsetning av kvarts mellom sandkorna er vorte samankitta til ein fast, hard bergart via diagenese. Fargen er kvit, grå eller raudleg. Ved regionalmetamorfose av sandstein kan det dannast kvartsitt med stor reinleik, og nemninga blir oftast brukt om ein slik metamorf bergart. Glimmer kan opptre lagvis og gjev då bergarten ein skifrig struktur kalla kvartsskifer. Kvartsittar er for harde og sprø til i større utstrekking å bli brukt som bygningsstein, men einskilde kvartsskifrar kan nyttast som heller som Alta-skifer. Reine kvartsittar blir brukt industrielt som kvartsråstoff. Kvartsittar forvitrar langsamt og står gjerne fram som kupper eller åsryggar i landskapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]