Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunen, sjå Strand kommune. For andre tydingar, sjå Strand (fleirtyding).
Sandstrand i Florida Keys.

Ei strand er ei stripe land som heller ned mot sjøen eller eit stort vatn. Strender er ein eigen type geografisk område med sitt eige biologiske system. Strendene me tenker på som typiske har sand som hovuddel, med spreidde vekstar, steinar, skjel og andre ting frå havet som moglege variasjonar, men det finst også strender som er dekte av småstein eller rullestein.

Steinstrand i Cornwall.

Stranddanning[endre | endre wikiteksten]

Strender vert til ved at materiale frå land og hav vert slite ned og samla saman ved langs vasskanten. Strandmaterialet vert laga ved erosjon på land og ved at havet tærer på fjell i og ved vatnet. Sidan flyttar bølgjer og vind rundt på materialet slik at stranda stadig forandrar seg.

Ei strandforskyvingskurve er eit diagram som viser havnivået til ulike tider.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bølgjebading på Jagodnastranda på den kroatiske øya Hvar.

Det er vanleg å dra til strender om sommaren for å bada, sola seg eller ganske enkelt kjøla seg ned. Ein kan òg gå lange turar langs strender både sommar og vinter. Medan norske strender som regerl er ganske enkle og urørde, kan populære strender i andre land vera svært utbygde. Det er vanleg å setja opp bodar som sel mat og drikke, strandstolar som vert leigde ut og strandhytter til å kle seg om i. Nokre stader set ein opp tivoli på stranda, medan andre strender vert sperra av for almogen medan berre dei som eig han eller gjestar ved eit særskilt strandhotell har tilgang.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Strand er brukt som del i mange namnesamansetjingar, som Åsgårstrand og Balestrand. Det har gitt namn til to norske kommunar, Strand i Rogaland og StrandaSunnmøre. Strand er òg eit etternamn.

Kjende strender[endre | endre wikiteksten]

Nokre strender kan ligga aude og ukjende av dei fleste, medan andre har meir vidkjende namn. Copacabana og Ipanema i Rio de Janeiro er kjende langt utanfor Brasil, medan Bondi Beach er blitt eit symbol på Australia.

I Noreg er jærstrendene kjende for å ha inspirert kunst og som eit særeige landskap både geologisk og biologisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Strand