Diderich Hegermann Lund
Diderich Hegermann Lund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mars 1888 |
Død |
29. januar 1986 (97 år) |
Yrke | ingeniør |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Ole Wilhelm Lund |
Ektefelle | Sigrid Helliesen Lund |
Diderich Hegermann Lund (17. mars 1888–29. januar 1986) var ein norsk entreprenør og ingeniør som bidrog til utbygging av norsk vasskraft og jernbane og var ein pioner innan utviklingshjelp.
Liv[endre | endre wikiteksten]
Lund var fødd i Kristiania som son av ingeniøroffisereren Ole Wilhelm Lund (1848–1915) og Louise Hegermann (1856–1914).[1]
Etter examen artium i 1906 gjennomførte han ingeniørstudium i Zürich i perioden 1906–1910, og hadde deretter eit par års praksis i Sveits før han var tilbake i Noreg i 1913. I dei ti åra som følgde leia han fleire store vasskraft- og industriutbyggingsprosjekt, blant anna bygginga av karbidfabrikken i Odda. Som sjef for teknisk etat i dåverande Aker kommune 1921–1926, var han med på bygginga av Sognsvannsbanen og Østensjøbanen. I 1925–1926 leia han bygginga av fortøyingsmastene for luftskipet Norge på Ekeberg i Oslo, og på Svalbard der han også bygga luftskipshallen i Ny-Ålesund.
Frå 1927 til 1930 var Lund tilsett som anleggsjef ved Det norske Zinkkompani i Odda. I 1930 starta han og Haakon Eeg-Henriksen entreprenørfirmaet Haakon Eeg-Henriksen & Diderich Lund A/S. Dette samarbeidet varte til 1952, då Lund overtok leiinga av Keralaprosjektet.
I åra like før andre verdskrigen og i dei tidlege krigsåra arbeidde han blant anna med utbygginga av Nordlands- og Sørlandsbanen. Under den tyske okkupasjonen av Noreg måtte Lund flykta til Sverige, og han blei send derfrå til London der han verka som konsulent for regjeringa i arbeidet med å førebu gjenreisinga av Noreg. Etter krigen leia han gjenoppbygginga av Finnmark.
Frå 1952 til 1957 var Lund engasjert i den første norske utviklingshjelpen i Kerala. Han leia Fiskeriprosjektet i Kerala, eit pionerprosjekt for norsk utviklingshjelp.
Lund var 75 år då han byrja på si siste store oppgåve; å lede hjelpearbeidet til kvekarane, Kvekerhjelp, i Algerie. I åra 1963–1970 var han ansvarleg for utbygging av vssforsyning og bygging av skular og helseklinikkar. Han var også med på å mekla i den algerske borgarkrigen.[1]
Av overtyding var Lund pasifist, fredsforkjempar, atommotstandar (medlem av Dei 13) og kvinnesaksforkjempar; han var medlem i Norsk Kvinnesaksforening.[2] Han var formann i Folkereisning mot Krig (FMK) frå 1950 til 1952 og med i rådet til War Resisters' International frå 1952 til 1960.[1]
Familie[endre | endre wikiteksten]
Diderich Lund var gift med Daisy Vogt frå 1919 til 1921 og frå 1923 med med Sigrid Helliesen Lund (1892–1988). Han var far til Bernt H. Lund (f. 1924).[1]
Han var barnebarn av målarparet Bernt og Hedevig Lund og sonedotters son av eidsvollmanen og statsråden Diderich Hegermann.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Aarek, Hans Eirik (25. februar 2020). «Diderich H Lund». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Upprop». Norsk Tidend. 5. mai 1936.
- Denne artikkelen bygger på «Diderich H. Lund» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2020.