Ny-Ålesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ny-Ålesund
stad
Land  Noreg
Kart
Ny-Ålesund
78°55′0″ N 11°55′0″ E
Wikimedia Commons: Ny-Ålesund

Ny-Ålesund er ein tettstad inst i KongsfjordenSvalbard, og den 4. nordlegaste busettinga i verda.

Her held forskingsinstitusjonar frå fleire land til. Ny-Ålesund forskingsstasjon blir driven av Kings Bay AS som er kalla opp etter gruveselskapet Kings Bay som hadde verksemd her frå 1909 til 1963.

Ny-Ålesund flyplass, Hamnerabben og ei sjøhamn på sørsida av Kongsfjorden gjev kommunikasjon med omverda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ny-Ålesund om sommaren.
Fortøyningsmasta til luftskipet «Norge» står framleis i Ny-Ålesund.

Kvalfangaren Jonas Poole fortalde alt i 1610 at det fanst kol i området. I 1909 byrja ein så smått å vinna det ut, men det var då Peter S. Brandal kom med i 1917 største utbygginga tok til. Reiaren frå Ålesund trong kol til skipa sine, og fekk ikkje frå Storbritannia fordi han var blitt svartelista for å ha handla med Tyskland medan første verdskrigen var i gang.

Då krigen slutta gjekk kolprisen ned, og drifta blei for kostbar. Den norske staten gav støtte til fortsatt drift, noko som styrkte det norske kravet på Svalbard.

Gruvedrifta heldt fram til 1960-talet, då ei stor ulukke den 5. november 1962 drap 21 arbeidarar. Desse dødsfalla, som kom på toppen av over 60 i all tida gruvene hadde vore i drift, førte til den politisk dramatiske Kings Bay-saka, og at gruvedrifta blei nedlagd.

I 1968 byrja Norsk Polarinstitutt sin forskingsaktivitet på staden, og på 80- og 90-talet følgde institusjonar frå ei rekke andre land etter. I dag har institusjonar frå Noreg, Tyskland, Storbritannia, Italia, Japan, Frankrike, Sør-Korea og Kina alle aktivitet i Ny-Ålesund. Elles har Ny-Ålesund fått ein plass i den norske polarforskingssoga ved å ha vore utgangspunktet for Roald Amundsen og Umberto Nobile si ferd over Nordpolen med luftskipet «Norge» i 1926.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Busetting og besøk i Ny-Ålesund er strengt regulert, mellom anna for å verna forskingsprosjekta mot innblanding. Eit mindre tal turistar får vitja byen under cruise, men berre for ein dag. Det er ikkje lov for framande å overnatta her utan å ha vore invitert av ein ny-ålesundar.

For å bu her fast må ein ha arbeid på staden, og ta tryggingskurs for å kunne verna seg mot isbjørn. Norske tilsette i Kings Bay får ikkje arbeida i meir enn fem år.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]