Diluvium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diluviumterrassar ved elva Katun i Altaj

Diluvium er eit geologisk omgrep om overflatiske avleiringar som er danna av flaum-liknande hendingar. Dette er i motsetnad til alluvium, som er avleiringar som er lagt ned sakte og jamt.

I nesten alle senkingane mellom fjella sør i Sibir og nord i Mongolia fanst innsjøar som var demd opp av isen under istidene i pleistocen. Klimaendringar og endringar i dei hydrostatiske tilhøva gjorde at bresjøane vart tømde og fylte opp att. Då isdemningane brast medførte dette til katastrofale flaumar. Desse kraftige flaumane omforma dalane og bygde nye geologiske formasjonar. I elvedalane til Tsjuja og Katun kom det minst fem flaumepisodar i intervall mellom 23 og sju tusen år sidan. Dei største av desse innsjøane, Tsjuja og Kuraj, hadde volum på fleire hundre kubikkilometer. Enorme vassmengder vart sleppte laus samstundes og forma terrenget det rann over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]