Pleistocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Pleistocen er ei geologisk epoke etter geologisk tidsskala, som er definert å gå frå 1,81 millionar år sidan til kring 11 500 år sidan. I denne tida fann den siste istida stad med omfattande nedisingar på den nordlege halvkula.

Namnet vart gjeve etter leirstudium utført på Sicilia av Charles Lyell på midten av 1800-talet og kjem av dei greske orda πλεῖστος (pleistos, 'mest') og καινός (kainos, 'ny').

Pleistocen kjem etter pliocen og før holocen og er den tredje epoken i perioden neogen eller den sjette epoken i æraen kenozoikum. Slutten av pleistocen samsvarar med slutten av paleolittisk som vert nytta i arkeologi.

Plistocen vert delt inn i tidleg pleistocen, mellompleistocen og sein pleistocen, samt fleire aldrar.

Skildring av dyr og landskap i Sibir under pleistocen.

Perioden vert definert ved ei omfattande nedkjøling av klimaet på jorda. Kaldtvassblautdyr kom til og eldre vassbaserte organismar (latin Discoaster) forsvann, medan moderne hestar og elefantar dukka opp og spreidde seg over større område.

Moderne menneske fann truleg si noverande form under pleistocen. Ved byrjinga av pleistocen levde menneskeapen Paranthropus, men desse forsvann i tidleg eldre steinalder. Det er derimot funne fossil av Homo erectus i fleire delar av verda frå mykje av epoken. Etterkvart kom det til fleire mennesketypar som laga meir avanserte verktøy. Under sein pleistocen spreidde moderne menneske seg utover isfrie delar av verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zachos, J.C.; Kump, L.R. (2005). «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen». Global og Planetary Change 47 (1): 51-66. 
  2. Krijgsman, W.; Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996). «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain». Earth og Planetary Science Letters 142 (3-4): 367-380. Henta 25. august 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Neogen
Kvartær
Pliocen Pleistocen Holocen
← Neogen | Gelasium Tidleg | Mellom | Sein  
Neogen
Miocen Pliocen Pleistocen Holocen
Aquitanium | Burdigalium
Langhium | Serravallium
Tortonium | Messinium
Zancleum | Piacenzium
(Gelasium)
Gelasium | Tidleg
Midtre | Sein
Boreal | Atlantisk