Diskusjon:Allhjulsdrift

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allhjulsdrift[endre wikiteksten]

Eg foreslår flytting til allhjulsdrift. --KRISTAGAα-ω 9. mai 2011 kl. 12:25 (CEST)[svar]

Tja, i mange høve ville det vera betre. For kjøretøy med drift på begge boggiakslane kan ein syna til tandemboggi, men det er vel òg mogeleg å kombinera boggi utan tandemdrift med drift på framakselen (firehjulsdrift, men ikkje allhjulsdrift). Ikkje så enkelt dette, men eg har òg ofte tenkt på at firehjulsdrift ikkje alltid er ein god tittel. --Sigmundg 9. mai 2011 kl. 16:24 (CEST)[svar]
Det er ikkje veldig viktig, og eg ser at andre språk gjør begge delar. Svensk, polsk og tysk har til dømes allhjulsdrift, mens bokmål, dansk, nederlandsk og engelsk har firehjulstrekk. --KRISTAGAα-ω 9. mai 2011 kl. 16:29 (CEST)[svar]
Eg veit ikkje kva som er best, men eg trur at eg er samd i at «Allhjulsdrift» er ein betre tittel. Døme med framhjulsdrift og drift på berre ein boggiaksel er ikkje så vanleg, men eg meiner å hugsa at nokre rammestyrte dumparar kan/kunne leverast med drift på berre ein av boggiakslane. Men eg trur likevel at eg vil røysta for «Allhjulsdrift» om det vert folkerøysting. --Sigmundg 9. mai 2011 kl. 16:38 (CEST)[svar]
Da er vi flytta. Reknar med at vi ikkje treng avstemming om dette. PS: Du hugsar rett om dumparar. --KRISTAGAα-ω 9. mai 2011 kl. 22:52 (CEST)[svar]