Allhjulsdrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firehjulsdriven Volvo C303 terrengbil.

Allhjulsdrift vert ofte nytta på traktorar, skogsmaskiner, anleggsmaskiner, militære og andre sivile køyretøy som vert nytta i terrenget eller på glatt underlag. Mange personbilar vert òg leverte med allhjulsdrift.

Traktorar[endre | endre wikiteksten]

Ein Valtra traktor med firehjulsdrift.

Moderne landbrukstraktorar er ofte utstyrte med firehjulsdrift. Dette aukar trekkrafta på sleipt og glatt underlag og fører til betre framkomstevne. At det er drift på framhjula gjer det òg lettare å styra traktoren i sidehellingar og på glatt underlag. Ein annan føremon er at framakslingar med drift ofte er utstyrte med bremsar, noko som aukar sikkerheita ved køyring med tilhengar. Ved bruk av frontmontert reiskap, som til dømes frontlastar, er firehjulsdrift svært nyttig.

Ein av dei fyrste traktorane som hadde drift på meir enn to hjul var den engelskproduserte Saunderson Model A, som kom på marknaden i 1905. Han hadde tre hjul, med drift på alle tre, og var dermed allhjulsdriven. I 1907 bygde Deutz i Tyskland ein firehjulsdriven motorplog med firehjulsdrift, men han vart ikkje sett i produksjon. I 1918 laga franskmannen de Mesmay ein firehjulsdriven traktor, med mindre framhjul enn bakhjula [1]. I 1919 kom den firehjulsdrivne traktoren Fitch Four Drive på marknaden [2]. Det italienske føretaket Motomeccanica produserte to rammestyrte traktorar med firehjulsdrift, P4 (frå 1918 til 1930) og P4M (frå 1919 til 1942) [3]. I 1920 kom den franske motorplogen Auror med firehjulsdrift. Frå 1923 til 1926 produserte Lanz ein rammestyrt firehjulsdriven traktor med råoljemotor. Traktoren, som hadde typebetegnelsen HP «Allradbulldog», vart for komplisert og dyr og vart ingen suksess. Massey Harris produserte ein traktor med fire like store hjul og firehjulsdrift frå 1930 til 1936, men han hadde for liten motor og var for komplisert og dyr for samtida. Fleire andre produsentar var òg tidleg ute med firehjulsdrivne traktorar, med ingen av dei fekk gjennomslag på marknaden.

Det var fyrst då rammestyrte traktorar med fire like store hjul kom på marknaden sist på 1950-talet at marknaden reagerte positivt. I byrjinga var det fyrst og fremst i Nord-Amerika at desse traktorane vart tekne i bruk. Om lag samtidig byrja fleire europeiske føretak å produsera framakslar tilpassa fleire traktormerke. Desse skilde seg frå dei nordamerikanske stortraktorane ved at framhjula var mykje mindre enn bakhjula på traktoren, noko som reduserte prisen og gjorde traktorane meir manøvrerbare. Men det var fyrst mot slutten av 1960-talet at denne typen allhjulsdrift fekk noko særleg utbreiing og det var fyrst på 1970-talet at firehjulsdrivne landbrukstraktorar vart vanlege. I dag har dei fleste nye traktorar firehjulsdrift.

Skogsmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Hogstmaskin: Timberjack 1070D.

Tidlege skogsmaskiner var ofte ombygde jordbrukstraktorar med halvbelte. Etter som meir spesialiserte skogsmaskiner vart utvikla vart dei utstyrte med store hjul på alle akslar og det var vanleg med drift på alle hjula. Når alle hjula vart utstyrte med kjettingar, og skogbotnen ikkje var alt for blaut, fekk dei like god framkomstevne som beltemaskiner.

Dei fleste moderne skogsmaskiner er rammestyrte og hjuldrift fører til at dei vert smidigare og lettare å manøvrera i terrenget enn beltemaskiner. Maskiner med hjuldrift har den føremonen at dei kan nyttast på veg utan at han vert øydelagt. Dei kan og halda høgare fart, slik at lønsemda aukar. Dei fleste moderne skogsmaskinar har difor fire-, seks- eller åttehjulsdrift. Lassberande maskiner har ofte boggi på den bakre delen, så når maskina skal nyttast på blautt underlag kan boggien utstyrast med belte.

Anleggsmaskiner[endre | endre wikiteksten]

Ein hjullastar med firehjulsdrift.

Anleggsmaskiner arbeider ofte på sleipt og ujamnt underlag og vart tidleg utstyrte firehjulsdrift. Mange anleggsmaskiner, som bulldosarar, gravemaskinar og liknande har beltedrift, men for gravemaskiner er det like vanleg med hjuldrift. Hjuldrift har den føremonen at maskinene får rolegare gange og mindre slitasje. Dei kan òg halda høgare fart, både under arbeid og under transport. Dette er grunnen til at hjullastarar har utkonkurrert beltelastarar.

Dumparar har så godt som alltid hjuldrift med drift på fire eller seks hjul. Store dumparar med stiv ramme har ofte dieselelektrisk drift, med elektriske motorar i hjulnava. På gravemaskiner med firehjulsdrift er det vanleg med hydrostatisk drift. Desse maskinene kan ha ein hydraulisk motor i kvart hjulnav, andre har mekanisk nedgiring etter hydraulikkmotoren.

Terrengkøyretøy[endre | endre wikiteksten]

Ein Honda fourtrax firehjuling.

Terrengkøyretøy er dei som har mest bruk for firehjulsdrift og det vart tidleg gjort forsøk med firehjulsdrivne bilar for bruk på dårlege vegar og i utmark. Både skogsmaskinar, anleggsmaskinar er som oftast utstyrte med allhjulsdrift. Firehjulsdrivne terrengbilar som Landrover og Daimler-Benz Unimog vert nytta til mange ulike føremål, som transport, brannbilar, osb.

Sokalla firehjulingar har i seinare år vorte populære, både for nyttekøyring og for rekreasjonskøyring. Eit av dei viktigaste bruksområda er innan reindrift. Uvettig bruk kan føra til stor skade på vegetasjonen. Dette problemet er spesielt merkbart om dei vert nytta til unødvendig og uvettug køyring i polare strøk.

Militære køyretøy er ofte utstyrte med drift på alle fire, eller seks, hjula, slik at dei kan nyttast i terrenget og på glatte eller ubrøyta vegar. Slike køyretøy har som oftast stor frigangshøgd for å hindra at dei skal verta hengande på steinar og stubbar. Allhjulsdrivne køyretøy har høgare marsjfart enn beltekøyretøy og kan brukast både på veg og i terrenget.

Den USA-produserte Willys «Jeep» vart set i produksjon i 1940. Frå 1960-talet og utover nytta den norske hæren den firehjulsdrivne Volvo L-3314N.

Lastebilar[endre | endre wikiteksten]

Magirus Deutz 210D 26AK 6×6 med dumparkasse.

Anleggslastebilar og andre lastebilar som vert nytta for transport på sleipt og glatt underlag er ofte utstyrte med allhjulsdrift. Det er óg vanleg med differensialsperre på slike bilar. Trekkvogner som vert nytta på bratte vintervegar har og stor nytte av allhjulsdrift. Men som oftast er slike bilar utstyrte med boggi, som kan ha drift på ein eller begge akslar. På brøytebilar fører firehjulsdrift til at ein får betre veggrep på glatte vegar.

I 1915 byrja Latil og Renault å produsera lastebilar med firehjulsdrift og i 1935 var det Bussing sin tur. Seinare har mange andre føretak produsert lastebilar med fire- og sekshjulsdrift.

Personbilar[endre | endre wikiteksten]

Lohner-Porsche frå 1900.
Mitsubishi PX33 frå 1934.

Opp gjennom historia har det vore gjort mange forsøk på å marknadsføra firehjulsdrivne bilar. Ein av dei fyrste vart produserte av k. u. k. Hofwagenfabrik Ludwig Lohner & Co. i Wien i 1899. Han var konstruert av Ferdinand Porsche og vart driven av elektriske motorar, plasserte i hjulnava. Bilen hadde ein bensinmotor som dreiv ein dynamo og var den fyrste bensin-elektriske hybridbilen i historia.

I 1907 bygde Daimler Motoren Gesellschaft ein firehjulsdriven bil, Dernburg-Wagen, som òg hadde styring på alle fire hjula. I 1934 kom Mitsubishi PX33 på marknaden. Det var den fyrste japanske bilen med firehjulsdrift. Jensen FF, som var i produksjon frå 1966 til 1971, er ein annan kjent firehjulsdriven bil.

Personbilar med firehjulsdrift var lenge for dyre til at dei fekk nokon større betydning. Audi var ein pioner på dette området då dei i 1980 innførte den firehjulsdrivne modellen Audi Quattro. Quattro vart ein svært populær rallybil og førte til at interessa for firehjulsdrift auka.

Det er fyrst i det siste tiåret at personbilar med firehjulsdrift har fått noko vesentleg marknadsdel. I Noreg har gode økonomiske tilhøve ført til at mange har fått råd til å kjøpa bil med firehjulsdrift, anten dei har bruk for firehjulsdrift eller ikkje.

Racerbilar[endre | endre wikiteksten]

Firehjulsdriven Spijker frå 1903.
Mario Andretti i 1969 med ein firehjuldriven Lotus 63 4WD på Nürburgring.

I 1903 bygde dei nederlandske brørne Jacobus og Hendrik-Jan Spijker ein firehjulsdriven raserbil med ein sekssylindra bensinmotor på 60 hk. Dette var den fyrste bilen i historia med sekssylindra motor.

I 1969 byrja Lotus å testa ein firehjulsdriven formel 1-bil og etter kvart utvikla konkurrentane òg firehjulsdrivne formel 1-bilar. Men det tok nokre år før teknologien var moden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cherouvrier, J. og Noulin, J., Tracteurs du monde de 1853 à nous jours, 2. utg., ETAI, 2004.
  2. Gray, R.B., The agricultural tractor 1855-1950, American Society of Agricultural Engineers., 1975.
  3. Dozza, W., Trattori classici italiani dal 1911 al 1955, Giorgio Nada Editore, 2004.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]