Boggi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Historisk boggi, frå ei jarnbanevogn.

Boggi er ei nemning på to, eller fleire, hjulpar som er montert på ein arm som er fast opplagra på midten og som i nokre tilfelle har fjøring.

Skjenegåande køyretøy[endre | endre wikiteksten]

Boggi med gummihjul frå Paris-metroen.
Jarnbanevogn utstyrt med to svingbare boggiar.

På skjenegåande køyretøy er boggien montert på ei svingar tralle, som gjer det mogeleg med lenge køyretøy og mindre svingradius med to boggiar enn med to skilde akslingar. Dessutan aukar lasteevna, noko som i ført og fremst er viktig for godstog. Jacobsboggi vert òg nytta i samband med lågbygde godsvogner.

Passasjertog treng ikkje så stor lasteevne og det er vanleg å dela ein boggi mellom to vogner. Denne typen boggi vert ofte kalla jakobsboggi, etter oppfinnaren Wilhelm Jakobs. Denne typen boggi reduserer kostnadane, men gjer det meir omstendeleg å kopla frå/til vognene.

Sporvogner som trikk og metrovogner er vanlegvis utstyrte med boggi. Dette har fleire føremoner, som at kurveradiusen til skjenene kan verte redusert og gangen vil verte jamnare. På sporvogner blir ofte motorane monterte i boggiane. Metroen i Paris har boggiar med gummibelagte hjul for å redusera støynivået.

Lastebilar[endre | endre wikiteksten]

Ein Volvo FH 16 tømmerbil med boggi både på trekkvogna og på semitraileren.

Offentlege vegar har grenser for akseltrykket. Da høge akseltrykk kan føre til store skadar på vegen er det store bøter for å køyra med for høgt akseltrykk. Ved å utstyra bilen med boggi vert lasta fordelt på fleire akslar og nyttelasta vert større. Det er difor vanleg med boggi både på trekkvogna og på tilhengaren. Å fordela vekta av vogntoget over ei større flate er òg nyttig for tømmerbilar som somme gongar kryssar frosne vatn på vinteren.

I Noreg er etterfølgjande akslingar med mindre avstand enn 180 cm definert som boggi. Ein avstand på minst 180 cm definerer akslingane som enkeltakslingar.[1]

Med tanke på framkomstevna er det ynskjeleg å ha maksimale tillatne vekt på drivakslingen. Det er difor vanleg at den maksimalt tillatne boggilasta (18 tonn) er fordelt med 11,5 tonn på drivakslingen og 6,5 tonn på løpeakslingen. Den mindre lasta på løpeakslingen gjer at det gjerne vert nytta enkle hjul på denne i motsetnad til tvillingmonterte hjul på drivakslinga.

Løftbar boggi[endre | endre wikiteksten]

Ein Volvo F88 med løftbar boggi.

Å heva løpeakslingen reduserer dekkslitasjen og rullemotstanden ved tomkøyring. Det er òg ein effektiv måte å overføra meir vekt på drivakselen og slik auka framkomstevna på glatt føre. Sjåføren kan heva og senka løpeakslingen under fart ved hjelp av trykkluft eller elektrisk hydraulikkpumpe med ein brytar i førarhuset. Dette er eit svært nyttig hjelpemiddel på norske vintervegar og kan spara sjåføren for å legga på kjetting. Det er likevel ikkje lovleg å løfte løpeakslingen dersom bilen er lasta slik at aksellasten på drivakslingen aukar til over det tillatne. Det tykkjest vera den finske lastebilprodusenten Sisu som fyrst innførte lyftbar boggi.

Luftfjøra boggi[endre | endre wikiteksten]

Boggi med luftfjøring.
Ein Scania turbuss med boggi.

Tidlegare var det vanlegast med stålfjører på lastebilar, og slike boggiar er konstruert med ein vektarm som plasserte ein større del av vekta på drivakslingen. I dag er lastebilar med luftfjøring er svært vanlege. Boggien framstår då konstruksjonsmessig som to enkeltståande / likverdige akslingar, men det er likevel vanleg med vektfordeling som nemnd ovanfor. Samstundes har sjåføren høve til å (mellombels) endre denne fordelinga frå førarhuset. Dette skjer ved at lufttrykket i luftbelgane vert endra og det er også vanleg med ein ekstra luftbelg som kan heva løpeakslingen når all vekta er overførd til drivakslingen. Løpeakslingen har i somme tilfelle også tvillingmonterte hjul for å tole større last. Luftfjøring gir betre komfort av køyretøyet, samstundes som det er meir skånsomt mot vegen. Under visse forutsetningar er det difor tillete med 19 tonn på luftfjøra boggiar [2].

Tandemboggi[endre | endre wikiteksten]

Boggi med tandemdrift.

Lastebilar som vert nytta for massetransport innan anleggsområde og terrenglastebilar er ofte utstyrt med drift på begge boggiakslingane – såkalla tandemboggi. Dette aukar framkomstevna ved køyring på sleipt, glatt og/eller bratt underlag. I starten var det ofte to akslingar frå girkassa så kvar aksel fekk separat drift. Etter kvart så har konstruksjonen ved å ha ein aksel bakover frå girkassa til fyrste boggiaksel og med ein aksel som overfører kraft vidare frå fyrste til andre boggiaksel blitt einerådande. Moderne boggiar har ein differensial som fordeler dreiemomentet mellom dei to akslingane. Dei mest kompliserte har utkoplbar drift på den eine tandemakslinga og moglegheit til å heva han. I Noreg er mange tømmerbilar og ein del langtransportbilar òg utstyrte med tandemboggiar.

Fattigmannsboggi[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonen av tvillingmonterte hjul på drivakslingen og enkle hjul på ein etterfølgjande løpeaksling går under namnet fattigmannsboggi. Grunnen til at det er enkle hjul på løpeakslingen kjem av at akseltrykket er større (ofte rundt 80%) på den fremre hjulgangen (drivakslingen).

Danskerumpe[endre | endre wikiteksten]

Danskerumpe syner til ein bakmontert løpeaksling som har sving. Dette er ei føremonn av di svingradiusen til lastebilen vert mindre og boggien ikkje fær så stygt med underlaget ved kraftig sving. Dermed styrer også lastebilen lettare. Det kan vera anten ein friksjonsstyrt eller tvangsstyrd løpeaksling.

«Pusher-boggi»[endre | endre wikiteksten]

Ein Scania 113H med boggi og løftbar løpeaksling.

Denne typen boggi har løpeakslingen plassert framom drivakslingen, og løpeakslingen er då tvangsstyrd. Dette vert vanlegvis berre nytta på lastebilar med kort akselavstand, som til dømes trekkvogner til semitrailerar. Den store føremonnen er at vekta frå løpeakslingen vert fordelt mellom drivakslingen og framhjula når den vert heva. Dette gir betre styring og retningsstabilitet når ein køyrer med løfta løpeaksling. Ulempa er noko dårlegare framkomstevne sidan ikkje all vekta frå løpeakslingen kan verte overført til drivakslingen. På same vis som «danskerumpa» er denne boggien snillare med underlaget og gjer det lettare å styre lastebilen.

Doble hjulgangar på framakselen[endre | endre wikiteksten]

Nokre lastebilar har boggi i staden for enkel framaksel og det må då vera sving på begge hjulgangane. Det er ikkje så vanleg å nytte boggi-omgrepet om dobbel framaksling, sjølv om akslingane kjem inn under definisjonen for boggi grunna akselavstand på under 180cm.

Terrengkøyretøy[endre | endre wikiteksten]

Terrenggåande dumpar: Volvo BM A25 6x6.

Terrenggåande køyretøy, som skogsmaskiner, terrenggåande dumparar og terrenglastebilar, er ofte utstyrte med tandemboggiar. Nokre har drift berre på den fremre akselen, men dei fleste har drift på begge. For terrengkøyretøy er det òg eit viktig moment at boggien fører til rolegare gange i ujamnt terreng og betre stabilitet. Dette kjem av at når eit hjul går over ei hindring vart køyretøyet løfta opp berre halvparten så høgt som hindringa. For lassberande skogsmaskiner, som har høgt tyngdepunkt er dette ein stor føremonn. Slike maskiner er difor ofte utstyrte med boggi. Hjula på boggien kan òg ha mindre diameter enn om maskina berre hadde hatt ein enkel aksling, noko som er med på å senka tyngdepunktet og dermed auka stabiliteten.

Militære lastebilar og spesialkøyretøy er òg ofte utstyrte med boggi, både for å betra framkomstevna og for å fordela marktrykket over fleire hjul og dermed eit større areal.

Andre køyretøy[endre | endre wikiteksten]

Boggitraktor[endre | endre wikiteksten]

I 1976 bygde Valmet ein prototypetraktor på 136 hk, der bakakselen var erstatta av ein boggi med fire drivhjul. [3]. Han hadde den føremonnen at marktrykket var lågare enn på vanlege traktorar, men ulempene med at han var tyngre å manøvrera, tyngre og dyrare førte til at han ikkje vart sett i produksjon.

Personbilar med boggi[endre | endre wikiteksten]

Den norskproduserte bilen Mustad hadde boggi bak. Willys Overland kom under andre verdskrigen fram med ein variant av den berømte jeepen som hadde tandemboggi og sekshjulstrekk [4]. Andre terrengbilprodusentar har etter dette laga enkelte spesialutgåver med sekshjulstrekk og boggi.

Boggitilhengarar[endre | endre wikiteksten]

Traktortilhengar med boggi.

Tilhengarar for tunge lastebilar er som oftast utstyrte med boggi. Nokre har tre, eller fleire, hjulgangar. Svanehalshengarar for transport av anleggsmaskinar og andre tungt gods kan ha mange akslar. Større traktortilhengarar har vanlegvis boggi, både for å auka lasteevna, redusera aksellasta og for å få stabilare gang. Nokre campingvogner og større tilhengarar for personbil er òg utstyrte med boggi. Dette gjev rolegare gange, noko som er verdifullt for transport av hestar, båtar osb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskrift om nærmere bestemmelser om tillatte vekter og dimensjoner for offentlig veg
  2. Vegliste riksveger 2009 (rosa), Statens vegvesen.
  3. Niskanen, H., Från Munktells till Valtra, Gummerus Kirjapaino OY, 2000.
  4. Rumcajs, Willys Super Jeep 6x6, Militaryphotos.net

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]