Diskusjon:Gyllenlakk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alminneleg?[endre wikiteksten]

Knut har sikkert gode grunnar for å legga planten under «alminneleg», men då synest eg ein bør nemna kva dei «uvanlege» gyllenlakkane er. Er det kultiverte hageblomar, andre typar blomar, eller kva? I Nynorskordboka står oppføringa under berre Gyllenlakk. --Ranveig 24. september 2008 kl. 13:10 (CEST)[svar]

Nei, eg har ikkje meir enn ein grunn: Kjelda eg brukte, Store norske leksikon, brukar «Gyllenlakk» som slektsnamn (slekta har rundt ti artar) og «Alminnelig gyllenlakk» som artsnamn.
Eg kunne ha god lyst til å trosse kjelda, vi har så vidt eg hugsar før unngått forleddet «vanleg» i artsnamn (jf gran - granslekta, tettegras, furu - furuslekta. I så fall kan vi sidan skrive ein artikkel om gyllenlakkslekta, om nokon får lyst til det.
Om vi flyttar attende til Gyllenlakk, bør vi skrive noko om at Gyllenlakk og vert bruka som namn på ei planteslekt med rundt ti artar, deriblant alminneleg gyllenlak, Erysimum cheiri. --Knut 24. september 2008 kl. 13:21 (CEST)[svar]
Eg er for denne løysinga. «Alminneleg» eller «vanleg» er nyttige ord, men blir lett for tekniske -- og legg organismen ein annan alfabetisk stad enn ein elles ville venta. --Ranveig 24. september 2008 kl. 13:33 (CEST)[svar]
PS: Johannes Lid skriv «krossblomsterfamilien». Er det ikkje lurast å halde seg til ein autoritet? - Eller har vi andre autoritetar? -- Knut 24. september 2008 kl. 13:26 (CEST)[svar]
Me kan godt høyra på Lid. Eg endra berre fordi eg visste me heitte ein kategori som heitte Krossblomfamilien. --Ranveig 24. september 2008 kl. 13:33 (CEST)[svar]