Furuslekta
| Furuslekta | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Pinophyta | |
| Klasse: | Pinopsida | |
| Orden: | Pinales | |
| Familie: | Pinaceae | |
| Slekt: | Pinus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pinus | ||
| Furu, fure, toll, tall | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Norrønt | Fura, þǫll |
| Nordsamisk | Beahci |
| Svensk | Tall, fura |
| Dansk | Fyr |
| Engelsk | Pine |
| Tysk | Kiefer, Föhre, Forle |
| Fransk | Pin |
| Russisk | Sosna (Сосна) |
Furuslekta (Pinus) er ei planteslekt i furufamilien. Ein art, Pinus sylvestris, finst naturleg i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing og voksterkår
Furu finst i mest heile den nordlege halvkule. Dei finst opp til 70°N i Noreg og Sibir, og opp til 2°S på Sumatra. California og Mexico har størt tal ulike artar på ein plass.
Furu har vorte innført i andre deler av verda, i hovudsak som tømmerkjelde, men er i ferd med å forvilla seg. Sume artar reknast som invaderande artar.
Furu finst frå kalde arktiske klima til varme, ørkenprega klima. Dei veks som regel i tørr eller sandhaldig jord, men nokre veks i blautt jordsmonn. Sume treng periodevis tørre område, av di dei treng skogbrann for å spreie frøa.
[endre] Utsjånad, struktur og livssyklus
Furutrea er eviggrøne. Sume artar er buskar, medan storparten er tre. Sume artar kan verta opp til 80 meter høge, medan det vanlegaste er 15-45 meter. Borken er gjerne tjukk og skjelaktig. Sume artar har tynnare, flakaktig bork.
Dei har fire typar blad gjennom livslaupet.Dei vanlege fotosyntetiserande blada, som dei har som vaksne tre, er nåler. Desse sit oftast i klasar på opp til 6 nåler, men hjå sume artar sit nålene ein og ein. Nålene er fleirårige, og hjå sume artar kan dei sitja opp til 40 år.
Greinane sit i ein spiral, men det ser mest ut som om dei sit i ringar. Mange artar produserer ein ring i året, men sume artar danar fleir enn ein. Dei fleste artane vert mellom 100 og 1000 år gamle, men sume artar vert mykje eldre. Den eldste furua er over 4 700 år gamal, og er ein av verdas to eldste levande organismar.
Som hjå andre plantar har furuslekta generasjonsveksling, med ein dominerande sporofyttgenerasjon. Det er denne som er den grøne planten ein ser, medan gametofyttgenerasjonen sit på sporofytten og produserer pollen og egg (som sit i konglen).
Dei fleste furuartane er tvikjønna, med både hannblomen og hoblomen (konglen) på same treet. Sume artar er vanlegvis særkjønna (han- og ho- sit på ulike tre) men ingen artar er heilt særkjønna. Hankonglane er småe (sjeldan meir enn 5 cm) og veks ei stutt tid, ofte om våren. Dei er utan ved, og er mjuke. Dei fell når dei har sleppt pollenet. Hokonglen danar ved, og sit gjerne fleire år. Det gjeng som regel eit år frå pollinering til befruktinga, og opp til to år til før konglen er mogen. Mest alle skjela på konglen har to frø, men dei heilt nedst og øvst er sterile. Flestalle artar nyttar vindpollinering, og slepp frøa frå konglen, men sume artar nyttar fuglepollinering. Hjå desse artane opnar ikkje konglen seg, og fuglen lyt brjota opp konglen for koma til frøa. Frøa hjå vindpollinerande artar har venger som hjelper dei glida på vinden. Sume artar slepp berre frøa ved skogbrann, slik at dei fær mindre konkurranse, og gode voksterkår i oska.
[endre] Furu i Noreg
I Noreg finst ein naturleg viltlevande furuart, Pinus sylvestris eller vanleg furu. Andre artar er planta som skogstre eller hagetre, og sume av dei har forvilla seg i naturleg skog. Blant dei vanlegaste er
- buskfuru og bergfuru Pinus mugo
- vrifuru, Pinus contorta
- sembrafuru, Pinus cembra
- sibirsk sembrafuru, Pinus sibirica
Sembrafuru og sibirsk sembrafuru vert av sume rekna for to artar, av andre som variasjonar innan same art.
[endre] Kjelder
- Furuslekta på Wikipedia på engelsk
- Lid, Johannes. (2005) Norsk flora 7. utgåve. Samlaget, Oslo.