Diskusjon:Røyking

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

To tydingar av røyking[endre wikiteksten]

Kva med å la røyking handla om det folk gjer for å mora/forgifta seg og flytta konserveringsmåten til røykt mat? Alternativet er ei fleirtydingsside med to tydingar, som nb:røyking, noko eg synest er bortkasta tid. -- Ranveig 13:58, 20 september 2006 (UTC)

Her er eg einig med Ranveig. Eg trur folk flest vil tenkja på gifta før konserveringsmetoden her. La det heller vere ei peikar her til røykt mat for dei som leitar etter det. --Anders 12:40, 6 januar 2008 (CET)
Heller omvendt. Røyking om tilbereding av mat, med ein peikar øvst til tobakksrøyking. --Ekko 20:15, 6 januar 2008 (CET)
Einig med Ekko her — både fordi det verkar meir intuitivt rett for meg og fordi vi bør ha logiske titlar. «Røykt mat» er ikkje ein konserveringsmåte, men ei gruppe av matretter. Om vi skal halde oss til røyking som metode, så kan vi ha titlar som tobakksrøyking og røyking av mat. Om éin av desse skal forkortast, så vil eg heller stemme for tobakksrøyking vs. røyking enn for røyking vs. røyking av mat. Et alternativ er å ha titlane røyking av mat og tobakksrøyking, og at røyking blir ei omdirigering til den eine av dei. Da er det kanskje ikkje så farleg om omdirigeringa går til den eine eller andre tydinga, så lenge det finst ei fleirtydingsinnleiing. -- Olve 20:42, 6 januar 2008 (CET)
Problemet med røyking via lungene, i tillegg til eventuelle helseproblem, er at det ikkje berre er tobakk som blir røyka, men også cannabis, opium, heroin, crack og sure sokkar, i tillegg til visse mindre skadelege urter. Men når eg tenker meg om kan visst røyking som lagringsmåte òg brukast for anna enn mat -- i det minste navlestrengar i tidlegare tider, så der har me problem med «mat» i tittelen. Eg ville fortsatt tru at ein i våre dagar først tenker på den kjende lasta som røyking -- det er i det minste det eg ser mest av rundt meg dagleg -- men som Olve seier er det ikkje så farleg, så lenge det eine viser til det andre. --Ranveig 00:16, 7 januar 2008 (CET)
Ei fleirtydingsside verkar faktisk meir og meir som eit godt alternativ her. Men da ei skikkeleg ei — ikkje ei fislut side med berre to tydingar... :-) Olve 00:54, 7 januar 2008 (CET)
Ja, det skulle teke seg ut, om ho berre gjekk opp i røyk! --Ranveig 01:12, 7 januar 2008 (CET)
Nettopp avdi også andre ting enn tobakksrøyk blir trekt ned i lungane meiner eg tobakksrøyking er ein grei artikkel. Det er eit heilt anna fenomen og helseproblem enn t.d. heroinrøyking (som kan omtalast under heroin). (Og kor sokkerøyking skal omtalast har eg mine tankar om). Ekko 09:47, 7 januar 2008 (CET)

Eg har tenkt litt vidare på dette, og trur likevel me treng ein eigen artikkel som handler om alle måtar å pusta inn røyk på, jf. en:smoking. I ein kulturell kontekst er det ikkje så viktig kva stoff ein trekk inn; ulike stoff kan også blandast. Dette er ei svært mykje brukt tyding av ordet røyking, sjå t.d. Google. Derfor synest eg godt røyking kan handla om dette, i og med at me helst skriv om kva flest mogleg venter å finna under ein viss tittel. Eit oversyn over bruk av røyk høyrer kanskje heime under røyk.

Me kunne juksa litt, og skrive om ei av hovudformene for røyking under røyke. Eller bruka forklaringar, t.d. røyking av matvarer, røyking for bevaring eller noko som kling betre. I alle høve bør me prøva å få artikkelen ut av frøklemma. --Ranveig 13:40, 15 januar 2008 (CET)

Altså: røyking blir ein artikkel om innhalering av rusmiddel, mens røyking av mat blir ein artikkel om konserveringsmetoden. Greit for meg. Ekko 20:12, 15 januar 2008 (CET)
Røyking som medisin (!) lyt vel òg inn i hovudartikelen da — jfr. astmasigarettane som var i bruk fram til nokre få tiår sidan... -- Olve 20:36, 15 januar 2008 (CET)
Tja, det fell vel naturleg å ta det inn under rusmiddel, jfr. marihuana på resept i einskilde statar i USA. --Ekko 20:39, 15 januar 2008 (CET)

Tips dersom artikkelen skal utvidast[endre wikiteksten]

Slik denne korte artikkelen er i dag, fungerer han godt som ein introduksjon til temaet. Dersom nokon på den andre sida vil utvida artikkelen i framtida, vil eg her peika på ein viktig ting som ein må vera klar over: Røyking er i denne artikkelen, som i dei fleste oppslagsverk og leksikonartiklar, definert til å skje ved inhalering, innpusting, av røyk, der det er ein premiss at det/dei aktive verkestoffet/a vert teke/ne opp gjennom lungene. Dette er rett så lenge ein snakkar om røyking av narkotiske stoff som ikkje er tobakk, og det er også rett for tobakksrøykinga sin del så lenge ein snakkar om sigarettrøyking. Derimot er dette ikkje den tradisjonelle måten å røykja piper og sigarar på. Her er det vanleg i staden å nyttiggjera at nikotin er i stand til å gå over i blodet via slimhinnene i munnen, som også er den måten som nikotin vert teke opp ved bruk av snus og andre typar røykfri tobakk. Det er påstått, utan at eg skal gå god for at påstanden er rett, at høgare pH-verdi i pipe- og sigarrøyk er det som gjer nikotinopptak via munnslimhinnene lettare enn frå sigarettrøyk. I alle fall går den tradisjonelle måten å røykja piper og sigarar ut på å berre ha røyken i munnen utan å trekkja han ned i lungene.

Denne nyanseringa mellom måtar i røykja på kjem per i dag ikkje fram i artikkelen på engelsk Wikipedia og heller ikkje i den grundige artikkelen på svensk Wikipedia. Med ein så systematisk gjennomgang av tobakksrøykinga si historie i vestleg kultur som ein finn i den svenske versjonen, vert dette særleg misvisande når det vert gjeve inntrykk av at det var inhalering av røyk tilsvarande dagens sigarettrøyking som var tema for diskusjonane på 1600-talet og som vart praktisert i nokså stort omfang både då og på 1700- og 1800-talet. Når ein derimot ser på statistikken for lungekreft, kjem skilnaden likevel indirekte fram, fordi det er sigarettrøyking som er statistisk korrelert med lungekreft, ikkje røyking generelt. På tysk Wikipedia har dei derimot teke omsyn til at det er to ulike måtar å røykja tobakk på. Der har dei gjort det slik at dei definerer røyking ved inhalering som "rauchen" (altså røyking), medan pipe- og sigarrøyking er kalla "pfaffen", som me på norsk helst må omsetja med puffing. Dermed har dei gjeve ei rett framstilling av måtane å røykja på, men nyttar samstundes omgrepet "røyking" på ein innsnevra måte som ikkje er i samsvar korkje med daglegtalen eller med korleis ordet historisk sett har vore nytta, noko som eg meiner er uheldig. Også puffing må definerast som røyking, men det bør opplysast om at røyking kan gjerast på minst to ulike måtar, og at det var måten utan inhalering som lenge tilnærma var einerådande i Europa, og at det også er denne måten å røykja på som tradisjonelt har vore praktisert av indianarane i alle fall i Nord-Amerika.

- Ingvar Åberge