Diskusjon:Selje

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det nokon god grunn til ikkje å flytta denne artikkelen til Seljetre? -- Ranveig 21. des 2004 kl. 17:54 (UTC)

Ja, etter mitt personlege syn er det det — særleg i og med at selja ikkje alltid har treform, men ofte snarare er eit kratt; ein tek gjerne inn ein seljekvast, ein brukar seljekvistar til å laga seg seljefløyter av; og småkrøtter som geiter liker å gnaga på seljeris. Ordet seljetre verkar mykje meir avgrensa enn selje (tre)... På liknande vis har vi bygg (korn) heller enn byggkorn. Tykkjer òg at vi bør ha artiklane gran (tre), furu (tre) og bjørk (tre) — i motsetnad til treartiklar som bartre, lauvtre, frukttre, tuntre, juletre, børtre, mangletre, hespetre og formtre.
Vi har òg treslag som ask (tre); asketre kling ikkje noko særleg, tykkjer eg, og berre ask passar dårleg inn med Ask (mannsnamn) osv. Eg er ikkje så sikker på at ulike konvensjonar for ulike treslag er noko å trakte etter.
Uansett kva vi vel, så er det vel lurt å laga tilvisingssider — t.d. frå bjørketre til bjørk (tre).
Om nokon kan vise til argument for at seljetre er betre enn selje (tre) som er sterke nok til at ulempen med forma seljetre blir underordna, så er eg sjølvsagt meir enn villig til å lata meg overtyde... :-) -- Olve 21. des 2004 kl. 21:56 (UTC)
Eg tykkjer heller ikkje at den bör flyttast til Seljetre. --Guttorm 22. des 2004 kl. 23:01 (UTC)
Ja, det må eg seia er gode grunnar. Men eg er ikkje samd i at ein treng så mnge fleirtydingssider. Dersom eit ord berre har to tydingar, bør det som hovudregel gå an å leggja ein av artiklane til det ordet, utan tillegg i tittelen. Så viser ein til den andre tydinga øvst i artikkelen. Det vil ta bort mange unødige feilsøk, og det bør då vera bra. Så nå vil eg gjerne ymta frampå om å flytta Selje (tre) til berre Selje. -- Ranveig 24. des 2004 kl. 10:59 (UTC)
Du kan nok ha eit poeng der... No er det rettnok ei tredje tyding òg: verbet selje — men det er meir naturleg å ha ein eventuell artikkel om dette under sal eller handel. -- Olve 24. des 2004 kl. 12:46 (UTC)