Ask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå Ask (fleirtyding)
Ask


Status i Noreg: NT Nær truga

Ask lindman.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Oleaceae
Slekt: Fraxinus
Art: F. excelsior
Vitskapleg namn
Fraxinus excelsior
Ask
Namn på andre språk
Norrønt Askr
Svensk Ask
Dansk Ask, Almindelig Ask
Engelsk Ash, European Ash, Common Ash
Tysk Esche, Gemeine Esche, Gewöhnliche Esche, Hohe Esche
Fransk Frêne, frêne élevé, frêne commun
Spansk Fresno, fresno norteño, fresno común, fresno grande
Russisk Jasen (Ясень), jasen obyknovennyj (ясень обыкновенный), jasen vysokij (ясень высокий)

Ask (Fraxinius excelsior) er eit lauvtre i oljetrefamilien. Ask er eit varmekjært tre som i Noreg veks nord til Trøndelag. Førekomsten i Leksvik er den nordlegaste i verda.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Askeblad frå eit hanntre.

Asketreet har fjørforma blad som består av fleire småblad som sit i par på ein stilk. Knoppane er svarte og forholdsvis store. Greinene er grågrøne og sit parvis motsett vridd oppover stamma.

Blad og bork inneheld garvesyre. Borken er glatt og grå, men eldre tre lagar mørk skorpebork med langsgåande furer.

Asken blømer før blada sprett. Han er oftast særbu. I hanblomen finn ein to pollenknappar. I hoblomen eit fruktemne. Ofte finn ein rudiment av det andre kjønn i blomen. Asken har vindpollinering. Blomen manglar dekkblad.

Frukta, som er ei nøtt med venger, er tilpassa vindspreiing. Fruktklasane kan henge heile vinteren.

Asken er eit stort tre med høgd opp til 30 - 35 meter. Den høgaste asken som er målt i Noreg var 43,47 meter. Den vart felt i Hyllestad i Sogn og Fjordane kring 1870. Det har vorte registrert opp til 300 år gamle tre.

Askelauv vert snøgt omgjort til mold. Og sidan askekruna slepp gjennom etter måten mykje lys, finn ein ofte ein rik botnflora med næringskrevjande artar der det er mykje ask.

Tverrsnitt av ein askestamme.
Foto: Sten Porse

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Askeveden er tung og sterk. Han er seig, elastisk, slitesterk og hard. Eigenskapane kan variere med alder og veksestad. På fuktig og frodig mark finn ein den såkalla grønasken. Det er unge snøggvaksne tre utan kjerneved. Slike tre har ved med særleg gode eigenskapar. Froasken som veks på knausar og tørr jord har dårleg ved som let sprekk. Samanlikna med andre tresortar er ask motstansdyktig mot syre og base.

Askeved er lett å arbeide med både for hand og med maskiner. Han egnar seg godt til å lime, spikre og skrue. Virket bør tørke seint, sidan det har lett for å sprekk eller vri seg. Med dei gode eigenskapane har ask hatt mange bruksområde: skaft, reiskapar, hjul og ski. Askeski vert helst laga av grønask. Vert skiemna flatskorne får ein vakre og slitesterke ski med varig spenn.I jordbruket har det vorte nytta til rivetindar og selepinnar.

I tillegg til gode mekaniske eigenskapar er overflata til askeved lett å polere, måle, lute og lakke. Han kan mellom anna brukast i golv, trapper og til møblar

Askeveden brenn godt.

Askelauv og askeris har vore rekna som godt for til sau og geit.

Ask har vorte brukt til å spå veret. Særleg har tidspunkt for bladspretting vorte samanlikna med eika. Kva tre som er først avgjer om det vert steik eller plask. Ask har og vorte brukt til kalendermerke uavhengig av eik.

Ask har vorte brukt i folkemedisinen. Truleg har han vore brukt til å stanse blod, og til omslag på skada ledd. Tjøre frå askevirke, askesmitel, har vorte brukt i folkemedisinen. Han har mest vorte brukt utvortes, ved beinbrot og liknande.

På 1970-talet vart askeavkok eit populært middel mot ymse plager. Først og fremst vart det brukt mot gikt, men det heitte seg og at det kunne kurere kreft, astma og andre lidingar. Salet av tørka askeblad frå apotek steig frå 68 kg i 1976 til 4300 kg i 1978.

Asketre i ein belgisk park.
Foto: Jean-Pol Grandmont

Ask i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I norrøn mytologi var verdstreet Yggdrasil ei ask, og den første mannen blei skapt av ein stokk frå eit asketre, sjå Ask og Embla. Runa askr kunne tyda fleire ting, mellom anna båt, spyd og krigar.

Treet blei seinare brukt som tuntre i Skandinavia for å verna om lukka til huslyden. I Sverige blei det sagt at hustomten budde i treet. Det var òg vanleg å bruka treet i alléar og parkar, stader der ein framleis kan sjå asketre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ask