Mangletre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mangletre med akantusrankar skore av pensjonert lærar og gardbrukar Bjarne Spjelkavik, Andås i Vefsn, 1992

Eit mangletre eller manglebrett (frå latin, via tysk mangel(e)n) er ei glatt, flat trefjøl med handtak. Oftast var det eit handtak, men stundom to. Ho vart saman med ein ein rundt trestokk, ein manglestokk eller ein kavle, nytta til å glatte lintøy. Manglestokkane var gjerne 5 - 6 cm i diameter.

Før manglinga måtte kledet dynkast. Då tok ein gjerne ein bjørkekvist og skvette vatn utover tyet. Ein har og døme på at vatnet vart teke inn i munnen og spruta utover stoffet.[1] Når ein mangla vart linkledet rulla kring kavlen. Denne la ein på ei glatt bordplate. Ein heldt mangletreet med båe hendene og pressa hardt ned mot stokken som vart rulla fram og tilbake. Kledet vart glatt, men det var tungt arbeid.

Mangletreet kom i bruk i Noreg kring år 1600. Etter kvart som klesrulle og strykejarn vart vanleg, gjekk mangletreet ut av bruk.

I Gudbrandsdalen var det tradisjon at ein gut som skulle fri til ei jente hadde med seg eit mangletre som gåve. Slike mangletre var gjerne rikt dekorerte, og handtaket var ofte forma som ein hest. I dag vert gjerne overlevande eksemplar omsette som antikvitetar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ewa Kewenter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ewa Kewenter: LIN & LINNE Seder och bruk. Stockholm 1999