Dixie Chicken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dixie Chicken
Studioalbum av Little Feat
Utgjeve 25. januar 1973
Innspelt Seint 1972
Studio Clover Recorders, Los Angeles, Warner Bros. Recording Studios, North Hollywood, Sunset Sound, Los Angeles[1]
Sjanger Southern rock, bluesrock, rootsrock, New Orleans R&B, swamp rock
Lengd 36:12
Selskap Warner Bros.
Produsent Lowell George
Little Feat-kronologi 
Sailin' Shoes
(1972)
Dixie Chicken Feats Don't Fail Me Now
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB+[3]

Dixie Chicken er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1973. Plateomslaget vart laga av Neon Park[4] og er ein referanse til ein linje frå songen «Roll Um Easy» på albumet.

Albumet vert rekna som eit landemerke forbandet der tittelsporet er blitt signaturlåten deira som var med å definere Little Feat-stilen. Dei hadde med seg to ekstra medlemmar (gitaristen Paul Barrere og perkusjonisten Sam Clayton) som fullførte besetninga dei hadde fram til dei vart oppløyst i 1979 etter Lowell George døydde. Bassisten Kenny Gradney vart henta inn for erstatte den opphavlege bassisten Roy Estrada, som slutta etter det andre albumet deira, Sailin' Shoes,for å bli med i Captain Beefheart's Magic Band. Denne nye besetninga endra radikalt stilen til bandet og gjekk meir i retning av New Orleans-R&B og funk.

Albumet vart stemt fram til 563. plassen i Colin Larkin si 3. utgåve av boka All Time Top 1000 Albums (2000).[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Lowell George solovokal på alle spor, utanom der andre er nemde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dixie Chicken»Lowell George, Fred Martin3:55
2.«Two Trains»George3:06
3.«Roll Um Easy»George2:30
4.«On Your Way Down»Allen Toussaint5:31
5.«Kiss It Off»George2:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Fool Yourself»Fred Tackett3:10
7.«Walkin' All Night» (solovokal: Barrere, Payne)Paul Barrère, Bill Payne3:35
8.«Fat Man in the Bathtub»George4:29
9.«Juliette»George3:20
10.«Lafayette Railroad» (instrumental)George, Payne3:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]