Django Reinhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Django Reinhardt

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 23. januar 1910
Pont-à-Celles
Død

16. mai 1953 (43 år)
Samois-sur-Seine

Yrke gitarist, komponist, banjospelar, jazzmusikar, jazzgitarist
Språk fransk
Medlem av Quintette du Hot Club de France
Nettstad http://www.djangostation.com
Django Reinhardt på Commons

Jean «Django» Reinhardt (fødd 23. januar 1910 i Liberchies i Belgia, død 16. mai 1953 i Samois-sur-Seine ved Paris) var ein fransk jazzgitarist, komponist og orkesterleiar. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av den europeiske jazzen og er «ein av dei mest virtuose og stilskapande gitaristane i jazzen».[1]

Django Reinhardt var son av manouchar[2] (franskspråklege sinti) og voks opp i ein sigøynarleir utanfor Paris. Han lærte tidleg å spele fiolin, banjo og til slutt gitar, og tok allereie i tolvårsaleren fatt på karrieren som profesjonell musikar, i lag med akkordeonisten Guérino.

2. november 1928 brann husvogna Django Reinhardt budde i ned etter at han kom i skade for å velte eit lys. I tillegg til at han fekk stygge forbrenningar på kroppen blei det høgre beinet mellombels lamma og den venstre handa sterkt forbrend. Under den eit og eit halv år lange rehabiliteringstida lærte han seg ein heilt ny og svært virtuos speleteknikk på gitaren der berre peike- og langfingeren på venstre hand var i bruk. For akkordspel kunne han i noko begrensa grad bruke ring- og lillefingeren og han gjorde mykje bruk av tommelen.

Reinhardt utvikla ein ny jazz-stil som seinare er blitt ein levande romfolk-tradisjon. Saman med Stéphane Grappelli danna han Quintette du Hot Club de France som kritikaren Thom Jurek beteikna som «ei av dei mest originale gruppene i den innspelte jazzen si historie.»[3] Dei mest populære komposisjonane til Reinhardt er blitt standardlåtar i jazzen, til dømes «Minor Swing», «Daphne», «Belleville», «Djangology», «Swing '42» og «Nuages».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationalencyklopedin, på internet, 25 juni 2008, oppslagsord Django Reinhardt
  2. Michael Dregni oppgir at faren til Django var ein Jean-Eugène Weiss som i fødselsattesten skreiv under med «J B Reinhard». Dregni forklarar det med at det franske gendarmeriet var på leiting etter far til Django som ikkje ville avsløre identiteten sin. Mor til Django heitte Laurence «Négros» Reinhardt.
  3. Jurek, Thom. «The Hot Jazz: Le Hot Club De France, Vols. 1-4». Henta 2. desember 2011. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Charles Delaunay: Django Reinhardt: Souvenirs. Paris 1954
  • Michael Dregni: Django. The Life and Music of a Gypsy Legend. Oxford University Press; Oxford, New York 2004
  • Michael Dregni: Django Reinhardt and the Illustrated History of Gypsy Jazz. Speck Press, Denver 2006
  • Patrick Williams: Django Reinhardt. Editions Parenthèses, Marseille 1998
  • Francois Billard: Django Reinhardt. Un géant sur son nuage. Lieu Commun, Paris 1993
  • Roger Spautz: Django Reinhardt. Mythos und Realität. RTL Edition, Luxemburg 1983
  • Dietrich Schulz-Köhn: Django Reinhardt. Ein Porträt. Pegasus Verlag, Wetzlar 1960
  • Alexander Schmitz, Peter Maier: Django Reinhardt. Sein Leben Seine Musik Seine Schallplatten. Oreos Verlag (Collection Jazz), Gauting-Buchendorf 1985
  • Paul Vernon: Jean 'Django' Reinhardt: a contextual bio-discography 1910-1953. Ashgate Publishing Limited, Hampshire 2003. (Òg på Google Books.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]