Doggpunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dogg på eit spindelvev

Doggpunktet til ein luftpakke er temperaturen lufta må avkjølast til, ved konstant lufttrykk, for at vassdamp skal kondensere til vatn, ofte kalla dogg. Når doggpunkttemperaturen kjem under 0 °C kallar ein det rimpunktet sidan vassdamp ikkje lenger vil danne dogg, men rim eller rimfrost ved deposisjon.

Lufta kan innehalde meir vassdamp når temperaturen aukar. Vassdampen sitt likevektspartialtrykk aukar med aukande temperatur og dermed kan meir vatn fordampe. Lufta har ingenting å seie for fordampingsprosessen, og sjølv om vassdampen var den einaste gassen til stades ville han ha kondensert.

Doggpunktet er knytt til relativ fukt. Høg relativ fukt indikerer at doggpunktet er nærare lufttemperaturen. Viss den relative fukta er 100 %, vil doggpunkttemperaturen og lufttemperaturen vere like. Viss ein har eit konstant doggpunkt vil den relative fukta minke når lufttemperaturen aukar. Dette er årsaka til at tropisk klima kan ha låg relativ fukt og likevel kjennast ubehageleg.

Ein plar å kjenne uvelvære ved høge doggpunkt. Dei som er vand med kontinentalklima startar å kjenne seg ubehageleg når doggpunktet kjem opp i mellom 15 og 20 °C.

Formel[endre | endre wikiteksten]

Her er ein formel til å rekne ut doggpunktet innanfor ±0,4 °C. Han gjeld for

0 °C < T < 100 °C
0,01 < RH < 1,0
0 °C < Td < 50 °C

der

T = temperaturen i grader Celsius
RH = er relativ fukt
Td = er doggpunkttemperaturen som skal reknast ut.

Formelen er:


T_d = \frac {b\ \gamma(T,RH)} {a - \gamma(T,RH)}

der


\gamma(T,RH) = \frac {a\ T} {b+T} + \ln RH

og

a = 17.27
b = 237.7 °C
ln er naturleg logaritme.

For utleiing av formelen og feilestimat sjå Utrekning av doggpunktformel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]