Dogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dogg på gras.
Dogg på eit spindelvev.
Dogg på ei rose
Ein edderkopp omringa av spindelvev med dogg.

Dogg er vassdropar som oppstår på lekamar i naturen om morgonen eller kvelden. Når bakken vert avkjølt ved varmeutstråling fører dette til at lufta like over bakken òg blir avkjølt. Dermed kan lufta verte metta og vassdamp kondenserer til små vassdropar på små lekamar som grasstrå og blad. Viss temperaturen er låg nok, kan dogget verte til is. Dette vert kalla rim eller rimfrost.

Sidan dogg er avhengig av overflatetemperaturen for å oppstå, vil det som regel oppstå på flater som ikkje får tilført mykje varme frå lågare jordlag, slik som gras og lauv, rekkverk, biltak og bruer.

I gresk mytologi er Ersa gudinna for dogg.

Korleis dogg oppstår[endre | endre wikiteksten]

Mengda av vassdamp som luft kan halde på er avhengig av temperaturen. Temperaturen som lufta må avkjølast til for å bli metta med vassdamp vert kalla doggpunkt. Når temperaturen på overflata vert lågare, og til slutt kjem ned til doggpunktet, vil vassdamp kondensere til små vassdropar på overflata. Denne prosessen skil dogg frå prosessen der vassdamp kondenserer direkte i lufta (vanlegvis rundt ei kondensasjonskjerne) til tåke og skyer. Dei termodynamiske prinsippa er derimot i praksis dei same. Ein kan derimot ha dogg utan tåke, men ein kan ikkje ha tåke utan å få dogg.

Sidan kondensasjon av vassdamp fører til at latent varme vert frigjeve, hindrar dette lufta nær overflata å bli vidare avkjølt. Derfor er ein tommelfingelregel at på klåre og rolege netter, så vil doggpunkttemperaturen som er målt ettermiddagen før ofte vere nær minimumstemperaturen i løpet av natta.

Kor tid dogg oppstår[endre | endre wikiteksten]

Avkjølinga som skal til for å danne dogg oppstår vanlegvis når overflata mistar meir energi ved infraraud stråling enn ho får tilført ved solinnstråling eller infraraud tilbakestråling frå skyer. Dette skjer som regel på klåre netter. I tillegg vil dårleg varmeleiingsevne frå lågare jordlag, som ofte er varmare enn overflata om natta, føre til at overflata ikkje blir varma opp nedanfrå.

Dogg oppstår derfor lettast på lekamar som har dårleg varmeleiingsevne eller som er isolert frå overflata. I tillegg må ein som regel ha skyfrie forhold og lite vassdamp i dei øvre nivåa av troposfæren slik at varmestråling ikkje vert strålt tilbake til overflata, og nok fukt i lufta nær overflata. Dogg oppstår ofte på klåre netter med lite vind, sidan vind ofte blandar varmare luft i høgda ned mot overflata. Om atmosfæren er hovudkjelda til fukta, treng ein derimot svak vind for å erstatte vassdampen som har kondensert med meir fuktig luft. Om det er våt jord under overflata som er hovudkjelda til fukta, vil vinden motverke danninga av dogg. For å få danna tåke krevst det eit tjukkare luftlag med fuktig luft.

Dogg oppstår ikkje berre utandørs om natta. Det er dei same prosessane som skjer når briller og spegel vert tildekka av dogg på eit bad eller når ein kjem inn frå kulden i varme rom.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

I tørre område er det sett opp installasjonar for å samle vatn frå dogg, som her eit doggtårn i Provence

Sidan dogg er avhengig av strålingsbalansen, kan det i teorien dannast 0,8 mm vatn frå dogg per natt, men målingar viser at det sjeldan vert meir enn 0,5 mm. Dei fleste plassar i verda vil regn utgjere mykje større vassmengder enn doggfall, men i tørre område kan dogg ha si nytte. Stader som Atacama- og Namibørkenen får som regel tilført meir vatn gjennom dogg enn gjennom nedbørsprosessar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dogg