Douala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douala
by
Land  Kamerun
Areal 210 km²
Folketal 2 768 436 (2015)
Kart
Douala
4°03′N 9°42′E / 4.05°N 9.7°E / 4.05; 9.7
Wikimedia Commons: Douala

Douala er ein by i Kamerun og regionshovudstad i Littoral. Byen ligg ved munningen av elva Wouri. Douala hadde 1 884 802 innbyggarar i 2005. Byen har lenge hatt omtrent like stort folketal som den kamerunske hovudstaden Yaoundé. Lenge var Douala den største byen i Kamerun, men no er Yaoundé større.

Byen har ein stor produksjon av kakao, kaffibønner, palmeolje og tømmer. Desse varene blir eksporterte via hamna. Douala blei tysk i 1884, og var hovudstaden i Tysk Kamerun frå 1901 til 1916. Frå 1940 til 1946 var han hovudstaden i Fransk Kamerun.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det går jernbanelinjer frå Douala til byane Yaoundé, Ngaoundéré, Kumba og Nkongsamba. Byen har òg ein internasjonal flyplass, Douala internasjonale lufthamn.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Douala