Drenica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drenica (Дреница)
Utspring Crnoljeva nordvest for Štimlje i Kosovo
Munning Sitnica, nordvest for Kosovo Polje i Kosovo
Land i nedslagsfelt Kosovo
Lengd 50 km
Nedslagsfelt 447 km²

Drenica (serbisk Дреница; albansk Drenica) er ei elv i Kosovo med ei lengd på 50 km. Ho er ei sideelv til Sitnica frå høgre. Heile elva renn gjennom Kosovo og har gjeve namn til regionen med same namn.

Drenica spring ut frå sentrale område av fjellet Crnoljeva. Det ligg fleire store landsbyar i dalen, samt den vesle byen Glogovac. Like før ho munnar ut i Sitnica nær byen Kosovo Polje, deler ho seg i to greiner. Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 447 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.