Svartehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Svartehavet
Kart over Svartehavet
Morzeczarne1.jpg

Svartehavet er eit innhav mellom Europa og Lilleasia, forbunde med Middelhavet gjennom Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane.

Netto innstrauming gjennom Bosporos er 200 km³ kvart år, medan ferskvatn frå dei omliggande områda, særleg frå Sentral- og Aust-Europa, er om lag 320 km³. Den viktigaste elvane som munnar ut i Svartehavet er Donau.[1] Svartehavet har eit areal på 436 400 km²,[2] med eit maksimal djup på 2 200 meter. [3]

Land som grensar til Svartehavet er Tyrkia, Bulgaria, Romania, Ukraina, Russland og Georgia.[4] Krimhalvøya er ein ukrainsk autonom republikk.

Viktig byar langs kysten er mellom anna Istanbul, Burgas, Varna, Constanţa, Odessa, Sevastopol, Jalta, Kertsj, Novorossijsk, Sotsji, Sukhumi, Poti, Batumi, Trabzon, Samsun og Zonguldak.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Moderne namn på Svartehavet er hovudsakleg omsetjingar av namnet, som bulgarsk Tsjerno more (Черно море), georgisk Sjavi zghva (შავი ზღვა), lazisk Ucha Zuğa, eller berre Zuğa, rumensk Marea Neagră, russisk Tsjiornoje More (Чёрное море), tyrkisk Karadeniz, ukrainsk Tsjorne More (Чорне море). Ein kan berre spore dette namnet tilbake til 1200-talet, men ein har indikasjonar på at det kan vere mykje eldre enn dette.

Strabo sine geografiske verk frå antikken omtalar berre Svartehavet som «Havet» (pontos), på same måte som Homer ofte berre vart kalla «Poeten». Stort sett omtala grekarane og romarane Svartehavet som «Det gjestfrie havet», Euxeinos Pontos. Dette var ein eufemisme som erstatta det tidlegare «Ugjestmilde havet», Pontos Axeinos, som først vart nemnd av Pindar tidleg på 400-talet fvt. Strabo (7.3.6) meiner at Svartehavet tidlegare vart kalla ugjestmildt fordi det var vanskeleg å segle der før den greske koloniseringa, og fordi kysten var folkesett av ville stammer. Han meinte òg at namnet skifta til gjestmild etter at grekarane koloniserte området rundt Milet. Det er derimot sannsynleg at namnet Axeinos kom frå det iranske ordet axšaina-, som tyder «mørk» og at namnet Svartehavet faktisk går heilt tilbake til antikken. Årsaka til at namnet vart Svartehavet kjem sannsynlegvis av antikken sin bruk av fargar for dei forskjellige himmelretningane, der svart refererte til nord, og raud var sør. Herodot omtalar stundom Raudehavet som Det sørlege havet. [5]

Ein annan mogeleg forklaring er at fargen kjem av det djupe vatnet i Svartehavet. Sidan Svartehavet ligg lenger nord enn Middelhavet, og er mykje mindre salt, så er algekonsentrasjonen mykje større, og derfor vert fargen mørkare. Sikta i Svartehavet er i snitt om lag fem meter, samanlikna med 35 meter i Middelhavet.

Ei bulgarsk tolking av namnet er at havet brukte å vere stormfullt. Enkelte kjelder meiner at dette går tilbake til tida rundt Noahs ark. Teorien om oversvømjinga av Svartehavet er basert på denne ideen.

Geologi og batymetri[endre | endre wikiteksten]

Svartehavet dannar eit lukka havbasseng, og ligg mellom Søraust-Europa og Lilleasia. Bassenget vart danna under miocenperioden, då fjellkjedene heva seg og delte det førhistoriske Tethyshavet inn i fleire brakkvassbasseng, inkludert Det sarmatiske havet. Kaspihavet, Azovsjøen, Aralsjøen og Svartehavet er alle restar av dette førhistoriske havet.

Bassenget er delt i to av ein rygg som strekkjer seg sørover frå Krimhalvøya. Den nordvestlege delen er ein relativt stor og 190 km brei sokkel, og er relativ flat. Den sørlege delen, rundt Tyrkia, og den austlege delen, rundt Georgia, har ein mykje kortare og brattare kontinentalsokkel, som sjeldan vert meir enn 20 km brei. Sør for Jalta på Krimhalvøya er havet på sitt djupaste, ned mot 2 206 meter. Bassenget er forbunde med Middelhavet via sunda Bosporos og Dardanellane, og Marmarahavet. Svartehavet er forbunde med Azovsjøen i nordaust via Kertsjsundet.

Hydrologi og hydrokjem[endre | endre wikiteksten]

Satetllittbilete av Svartehavet, tatt av NASA MODIS

Svartehavet er det største meromiktiske havet i verda, og 90 % av vassvolumet består av oksygenfattig sjøvatn. Den noverande hydrokjemiske samansettinga er hovudsakleg styrt av topografien og elvane som munnar ut i havet, som fører til ein kraftig lagdelt vertikalstruktur og ein positiv vassbalanse. Dei øvre laga er generelt kaldare, med lågare tettleik og mindre saltinnhald enn dei djupare vasslaga. Dei djupe vasslaga er stort sett vatn som kjem frå Middelhavet, medan det ferskare overflatevatnet strøymer ut i Marmarahavet.

Overflatevatnet har ein midla salinitet på 18-18,5 ppt og inneheld oksygen og andre næringsstoff som gjev liv til dyre- og planteliv. Dette overflatevatnet strøymer rundt Svartehavet mot klokka i ein straum kalla Rimstraumen, som transporterer vatn rundt ytterkantane av Svartehavet. Innanfor denne store kvervelen har ein to mindre kvervlar i aust og vest. Styrken på denne straumen vert påverka av havoverflatetemperaturen, som i løpet av året varierer mellom 8 °C og 30 °C.

Like under overflatelaget finn ein eit kaldare og saltare vasslag, som kjem av tilføring av kaldare vatn og atmosfærisk avkjøling om vinteren. Ved botn av dette laget ligg ein kraftig termoklin, haloklin og pyknoklin om lag 100-200 meter tjukt.

Under pyknoklinen aukar saliniteten til 22-22,5 ppt og temperaturen fell til 8,5 °C. Vasslaget inneheld mindre oksygen sidan bakteriar som bryt ned biologisk masse brukar opp oksygenet.

Frå innsjø til hav[endre | endre wikiteksten]

Bosporos - teke frå ISS
Kart over Dardanellane

Ein er einige om at Svartehavet ein gong har vore ein ferskvassinnsjø (i det minste i dei øvre laga), og med eit mykje lågare vassnivå under den siste istida. Korleis innsjøen utvikla seg til eit marint hav er derimot noko ein framleis studerer og diskuterer. Det finst både teoriar om ei gradvis utvikling til salt vatn og det som i dag er Svartehavet, og det finst teoriar om katastrofiske førestillingar om korleis Svartehavet vart til.

Dei er basert på forskjellige teoriar om vassnivået i ferskvassinnsjøen då Middelhavet var høgt nok til å renne over Dardanellane og Bosporos. Men studiar av havbotn på Egearsida viser at det på 700-talet fvt. var ei stor utstrøyming av ferskt vatn frå Svartehavet. [6]

Ei rekkje ekspedisjonar har utforska det som tilsynelatanede er eldgamle kystlinjer, ferskvassniglar, oversvømde elvedalar, tømmer behandla med verktøy, og bygningar om lag 100 meter utanfor Svartehavskysten av dagens Tyrkia. Karbon-14-metoden har vist at ferskvassniglane er om lag 7 000 år gamle.

Oversvømmingsteorien[endre | endre wikiteksten]

I 1997 gav William Ryan og Walter Pitman frå Columbia University ut ein teori om at ein massiv flaum gjennom Bosporos skjedde for fleire tusen år sidan. Dei hevdar at Svartehavet og Kaspihavet var store ferskvassjøar, men at Middelhavet rundt 5600 fvt. rann over Bosporos og danna sundet som i dag går mellom Svartehavet og Middelhavet. Ein har seinare gjort arbeid både for å støtte og for å dra i tvil denne teorien, og arkeologar diskuterer framleis spørsmålet. Dette har ført til at fleire har knytt desse teoriane opp mot førhistoriske flaummytar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ivan Aivazovskij. Svartehavsflåten i Theodosiabukta, like før Krimkrigen.

Steppene nord for Svartehavet var opphavleg heimlandet (Urheimat) til folket med urindoeuropeisk språk, forgjengaren til dei indoeuropeiske språkfamiliane. Enkelte forskarar flyttar derimot dette området lenger austover mot Kaspihavet, og andre til Anatolia

Landet i den austlege enden av Svartehavet, Kolchis (i dag Georgia), var for grekarane ytterkanten av den kjende verda.

Feriestadar[endre | endre wikiteksten]

Bilete av Svartehavet nær Gagra, teke i 1915
Byar ved Svartehavet

Dei siste åra (etter slutten av Den kalde krigen) har Svartehavet stadig vorte eit meir populært ferieområde (særleg Bulgaria). Turismen ved Svartehavet er ein av dei mest framgongsrike industriane i regionen. [7] Kjende feriestader i ved Svartehavet:





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Donau renn ut i Svartehavet NASA Visible Earth.
  2. http://www.ocean.udel.edu/blacksea/geography/index.html Arealet til Svartehavet
  3. http://www.nature.com/nature/journal/v338/n6214/abs/338411a0.html Største djup i Svartehavet
  4. Sosio-economic indicators for the countries of the Black Sea basin. (2001). In UNEP/GRID-Arendal Maps and Graphics Library frå http://maps.grida.no/go/graphic/sosio_economic_indicators_for_the_countries_of_the_black_sea_basin_giwa.
  5. Schmitt 1996
  6. New Scientist, 4. mai 2002, p. 13
  7. Bulgarske feriestader
  8. Abkhasia har meir eller mindre vore ein uavhengig republikk sidan 1992, men er lovmessig framleis ein autonom republikk i Georgia.
  • Charles King, The Black Sea: A History, 2004, ISBN 0-19-924161-9
  • William Ryan and Walter Pitman, Noah's Flood, 1999, ISBN 0-684-85920-3
  • Neal Ascherson, Black Sea (Vintage 1996), ISBN 0-09-959371-8
  • Özhan Öztürk. Karadeniz: Ansiklopedik Sözlük (Black Sea: Encyclopedic Dictionary). 2 Cilt (2 Volumes). Heyamola Publishing. Istanbul.2005 ISBN 975-6121-00-9.
  • Rüdiger Schmitt, «Considerations on the Name of the Black Sea», in: Hellas und der griechische Osten (Saarbrücken 1996), pp. 219–224
  • West, Stephanie. «‘The Most Marvellous of All Seas’: the Greek Encounter with the Euxine», Greece & Rome, Vol. 50, Issue 2 (2003), pp. 151–167.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartehavet