Drevja kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°58′57″N 13°15′55″E

Drevja kyrkje
Drevja kirke.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Indre Helgeland
Fellesråd:  Vefsn
Sokn:  Drevja
Innvigd:  28. september 1883
Kyrkjegard:  Nilsskog kyrkjegard ved kyrkja og Almåsen kyrkjegard, vigsla 1866
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Lafta
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  ca. 200

Drevja kyrkje er ei kyrkje bygd på Nilsskogen i Drevja sokn i Vefsn kommune. Kyrkja er ei langkyrkje, lafta i tømmer i 1883.

Kyrkja vart vigsla 18. fredagen etter trinitas 1883 som ei hjelpekyrkje eller annekskyrkje i Vefsn sokn. Ved kongeleg resolusjon 25. februar 1927 vart Vefsn sokn delt i 3 sokn, Vefsn, Drevja og Grane, med grenser fastsett 30. desember 1926 i Vefsn heradsstyre.

Orgelet i Drevja kyrkje er bygd av P. A. Albrechtsen i 1846, og vart flytta frå Dolstad kyrkje til Drevja i 1920. Orgelet vart restaurert i 2000. Kyrkja har sitjeplass til om lag 200 menneske. Soknet deler sokneprest med Elsfjord sokn.

Til Drevja kyrkje ligg Drevja kyrkjegard. Drevja sokn har også ein kyrkjegard på Almåsen.

Inventar [endre]

Kyrkja har ein dåpsengel laga av kunsthandverkaren Andreas Nilsskog.[1] Nilsskog var fødd og oppvaksen like ved kyrkjestaden. I 1973 reiste Drevjalaget eit minnesmerke over han ved vegen like overfor kyrkja.[2]

Fotnotar [endre]