Vefsn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vefsn kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1824
Fylke Nordland
Adm.senter Mosjøen
Areal 1 929 km²
Folkemengd 13 252 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Jann-Arne Løvdahl (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.vefsn.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1824.svg
Vefsn kommune på Commons

Vefsn er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Administrasjonssentrum ligg i Mosjøen. Kommunen grensar i nordvest mot Leirfjord kommune, i nord og aust mot Hemnes, i søraust mot Hattfjelldal, i sør mot Grane kommune, og i vest mot Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug kommune.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Vefsn er frå gammalt namnet på landområdet som har vassføring til Vefsnfjorden, som på norrønt hadde namnet Vefsnir. Fjordnamnet er truleg henta frå det gamle namnet på elva Vefsna. Namnet er truleg ei avleiing norrønt vefja – 'vikle omkring'. Veffsne sokn er omtalt i 1544, Veffzenn fierding i 1567.[2] Vefsn fjerding omfatta den gongen også Hattfjelldal kommune, Grane kommune og store delar av det som sidan vart Leirfjord kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vefsn kommune vart etablert med formannskapslovene av 1837. Kommunen omfatta den gangen et landareal på 6 500 km2 og hadde 4 100 innbyggarar. I 1862 vart Hattfjelldal utskilt som eigen kommune, i 1875 vart Mosjøen utskilt som eigen bykommune, og i 1927 vart Grane og Drevja utskilt som eigne kommunar. 1. januar 1962 vart Vefsn, Drevja, Mosjøen og Elsfjord kommunar slått saman til éin landkommune, og i 1995 vart kommunen utvida vestover, då fastlandsdelen av Tjøtta sokn i Alstahaug kommune vart overført til Vefsn. Kommunen omfattar etter dei siste grensereguleringane eit areal på 1 929 km2 og har vel 13 000 innbyggarar. Kommunesenteret er Mosjøen, som blir rekna som ein by.

Det gamle Vefsnsamfunnet var eit jordbrukssamfunn med fiske som viktigaste kjelda til pengeinntekt. Etter 1860 utvikla skognæringa seg som den viktigaste næringsvegen, ved sida av bergverk, småindustri, forsvar og handel. Laksefisket i elva tiltrakk seg pengesterke turister frå utlandet. Mosjøen fekk ladestadrettar i 1874. Året etter vart Mosjøen – flata mellom elvane Vefsna og Skjerva – skild ut som ein eigen bykommune med 774 innbyggarar. Byen utviklat seg raskt til eit velorganisert bysamfunn. Den eldste bydelen, Sjøgata, er i nyare tid verna. Ovanfor Sjøgata er gatene ordna i eit planmessig kvadratur. Byparken i Mosjøen vart etablert like etter 1900. Parken vart freda som kulturminne i 2009.

Vefsnsamfunnet opplevde ved slutten av 1800-tallet også en kulturell vokster. Området fekk eit sterkt foreningsliv som engasjerte store deler av folket. Eit viktig kulturelt kraftsenter var Vefsn folkehøgskole som vart etablert i 1899 og som etterkvart vart lokalisert på Toppen på Halsøya. I 1900 vedtok skulestyret å innføre lærebøker på nynorsk mål ved undervisninga i Vefsnskulen. Etter kommunesamanslåinga i 1962 har bokmålet overtatt som det dominerande språket både i undervisning og administrasjon.

I 1924 var vegsambandet mellom Mosjøen og Trøndelag ferdig. I 1940 vart Nordlandsbanen ført fram til Mosjøen, og byen vart eit trafikknutepunkt. Mosjøen lufthamn på Kjerstad vart opna i 1987.

Industrireisinga på 1950-talet førte til ny vekst i Mosjøen, og mange flytta inn til sentrum for å arbeide på veveriet eller aluminiumsverket. Rundt byen kom det opp villaer, einebustader og rekkjehus – først i Åsbyen og på Olderskog, sidan på Hals og i Kulstadlia. Det nyaste bustadfeltet ligg på Andås, rett aust for byen.

Det eldste offentlege bygget i Vefsn er Dolstad kyrkje, vigsla i 1735. Dolstad har vore kyrkjestad for Vefsn sidan høgmiddelalderen. Sør for kyrkja ligg Vefsn bygdesamling, som er driven av Helgeland museum. Museet har andre utstillingslokalar og hovudkontor i Sjøgata i Mosjøen.

Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Vefsn er ein industrikommune. Det største verket er Elkem Aluminium, som saman med ein anodefabrikk og ISS Industrielt vedlikehold utgjer tyngdepunktet i industrimiljøet i Mosjøen.

Mosjøen er eit viktig handelssentrum på Helgeland. Kvart år i september - frå gammalt ved mikkelsmesse - vert det arrangert tiendbyte, ein marknad med røter langt att i tida. Store enkeltverksemder er Helgeland Sparebank og HelgelandsKraft. Av statlege verksemder har byen hovudsete for politimeisteren på Helgeland, heimevernet (HR14) og delar av fylkesmannens landbruksavdeling. Vefsn sjukehus er ein del av Helgelandssykehuset.

Jord- og skogbruk er enno viktige næringar som tryggjar busettinga i vefsnbygdene.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kultur er òg eit viktig næringsgrunnlag i Vefsn. Mosjøen vidaregåande skole har ei populær musikkline, som saman med distrikstmusikarane og mange amatørkor og -orkester gjev grunnlag for eit rikt musikkliv.

Nordlandsbunaden for kvinner er utvikla i Vefsn. Husflid og kunsthandverk er både kultur og næring i Vefsn.

Statskyrkja har tre sokn i Vefsn, med Dolstad, Elsfjord og Drevja kyrkjer. Elles har den katolske kyrkja, pinsevennane, adventkyrkja, Jehovas vitner, Frelsesarmeen og Misjonskirken eigne kyrkjebygg i Mosjøen.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Frå gamalt var Vefsna den viktigaste transport- og ferdselsåra. Tømmerfløytinga hadde stort omfang frå 1860-talet og 100 år framover. Elva var òg ei viktig lakseelv til ho vart øydelagd av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Elva vart behandla med rotenon i 2011 og 2012, med håp om å utrydde lakseparasitten.

Vassdraga til elvane Vefsna, Fusta og Drevja er alle freda.

Dei vestre delane av kommunen er freda som Lomsdal-Visten nasjonalpark. Det høgste fjellet i Vefsn er Geittinden. Andre markerte fjell er Brurskanken og Lukttinden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vefsn
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.