Drivdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drivdalen med elva Driva.

Drivdalen er eit dalføre i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag. Dalen har namn etter elva Driva. E6 og Dovrebanen går parallelt med elva gjennom store delar av dalen. I Drivdalen ligg òg den gamle kongevegen Vårstigen.

Den tronge, øvre delen av dalen strekker seg nordover frå Dovrefjell til Oppdal og er omkransa av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark på begge sider. Ved bygda Driva vider dalen seg ut og har jordbruksområde på begge sider. Ved Auna (Oppdal sentrum) vender dalen brått mot vest, og vert etterkvart smalare og djupare. 25 kilometer vest for Oppdal ligg grensa til Sunndal kommune i Møre og Romsdal og derifrå heiter dalen Sunndalen.

Koordinatar: 62°25′57″ N 9°35′54″ E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]