Duck Hunt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duck Hunt
Utviklar(ar)Nintendo Research & Development 1
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Hiroji Kiyotake
Produsent(ar)Gunpei Yokoi
Komponist(ar)Hirokazu Tanaka
Plattform(er)Nintendo Entertainment System
UtgjevingJP: 21. april 1984
NA: 18. oktober 1985
EU: 15. august 1987
SjangerSport, action
Spelemodusfleirspelar, einspelar

Duck Hunt er eit actionspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo Entertainment System. Det vart først utgjeve i Japan i april 1084, som ein lanseringstittel for NES i Nord-Amerika i oktober 1985 og i Europa to år seinare.

I Duck Hunt bruker spelaren NES Zapper i kombinasjon med eit CRT-fjernsyn for å skyte ender som kjem til syne på skjermen. Endene dukkar opp ein eller to av gongen, og spelaren har tre skot for å skyte dei ned. Spelaren får poeng for kvar and som blir treft. Dersom spelaren klarer å skyte nok ender i ein enkelt runde, vil spelaren gå vidare til den neste runden. Dersom ein ikkje treffer nok ender er det «game over».

Duck Hunt vart utgjeve som ein Virtual Console-tittel til Wii U i 2014.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå kommer denne irriterende hunden til Wii U». Gamer.no. Henta 16. mars 2019.