Wii U

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wii U

WiiU.svg
Wii U Console and Gamepad.png
Wii U-konsollen med Wii U Gamepad
Produsent Nintendo
Utgjeve NA 18. november 2012
EU 30. november 2012
JP 8. desember 2012
Føregjengar Wii
Nettstad www.nintendo.com/wiiu

Wii U er ein spelekonsoll frå Nintendo og etterfylgjaren til Wii. Konsollen vart avduka under E3-messa den 7. juni 2011 og vart lansert 18. november 2012 i Nord-Amerika, 30. november 2012 i Europa og 8. desember i Japan. Konsollen er tilgjengeleg i to standard utgåver; ei kvit «Basic»-utgåve med konsoll med 8 GB internminne og ei svart «Premium»-utgåve med 32 GB internminne og spelet Nintendo Land. I tillegg finst det ei rekkje andre sett der andre spel enn Nintendo Land følgjer med premium-varianten av konsollen, til dømes Lego City Undercover og ZombiU.[1]

Handkontroll[endre | endre wikiteksten]

Med Wii U følgjer det med ein spesialutvikla kontroll, Wii U Game Pad, som har ein innebygd peikeskjerm på 6,2 tommar. Kontrollen har i tillegg til skjerm også kamera, to høgtalarar, mikrofon, rørslesensor, ristefunksjon, to analoge stikker og fleire knappar. Den ekstra skjermen på kontrollen kan fungere som supplement under speling eller la ein spele uavhengig av TV-skjermen. Som alternativ til Game Pad er det i mange spel mogleg å bruke ein tradisjonell kontroll, Wii U Pro Controller, som blir seld separat.

Wii U er kompatibel med spel og ekstrautstyr utvikla for Wii, inkludert Wii Remote, Nunchuk, Wii Balance Board og Classic Controller.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wii U - nintendo.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wii U