Dunstable Downs
| Dunstable Downs | |
| fjell | |
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Chiltern Hills |
| skardhøgd | c, 105 m m |
| Høgaste punkt | 243 moh |
Dunstable Downs er ein del av Chiltern Hills, sør i Bedfordshire i England. Dei er ein kalksteinsrygg som dannar dei nordaustlege områda av Chilterns. Med ei høgd på 243 moh er Dunstable Downs det høgaste punktet i grevskapet Bedfordshire.
På grunn av høgda stod det ein stasjon for telegraflinja mellom London og marinehamna i Great Yarmouth på Dunstable Downs frå 1808 til 1814.[1]
Åsane vert nytta av gildefly, hangglidarar og paraglidarar på grunn av høgda i høvet til landskapet kring.
Det meste av åsane er styrt av National Trust som ein del av Dunstable Downs, Countryside Centre & Whipsnade Estate.
Åsane har eit variert dyreliv og mange sjeldne villblomar, som flugeblomst, og forskjellige sommarfuglartar. Vestsida av åsane har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) kalla Dunstable and Whipsnade Downs.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dunstable Downs» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: