Dvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordflaggermus i dvale på Modum i Noreg.

Dvale er ein biologisk tilstand med sterkt nedsette livsfunksjonar og blir brukt av fleire dyr som ein måte å takla vanskelege tilhøve i miljøet på, som kulde eller tørke. Dyr som er i dvale har nedsett næringsbehov og tærer på feittreservane sine i ei tid då føde er vanskeleg tilgjengeleg. Ein skil mellom «ekte dvale» (hibernering, vinterdvale), der andedrett, stoffskifte og kroppstemperatur går kraftig ned, og «vintersøvn» (uekte dvale), der stoffskifte søkk noko men kroppstemperaturen held seg nokså normal.

Dyr som går i dvale om vinteren er mellom anna bjørkemus, flaggermus, pinnsvin og hoggorm. Brunbjørn har vintersøvn. Lemurarten Cheirogaleus medius lever i dvale i opptil sju månader av året under den tørre vinteren på Madagaskar.

Fleire sniglar, krokodillar, salamandrar og andre dyr går i dvale under tørketida i tropiske strøk. Mange slangar kan også ha ein dvaleliknande tilstand med nedsett stoffskifte og aktivitet, men der dei ikkje søv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«hibernering» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«dvale. – tilstand hos dyr» i Store norske leksikon, snl.no. «vintersøvn – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne dyreartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.