Bjørkemus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørkemus

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Bjørkemus
Bjørkemus

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Gnagarar
Underorden: Myomorpha
Overfamilie: Dipodoidea
Familie: Hoppemusfamilien
Slekt: Sicista
Art: S. betulina
Vitskapleg namn
Sicista betulina
Pallas, 1779
Bjørkemus
Namn på andre språk
Svensk Buskmus
Dansk Birkemus
Engelsk Northern Birch Mouse
Tysk Waldbirkenmaus, Streifenhüpfmaus
Fransk Siciste de bouleau
Spansk Ratón listado nórdico, sicista nórdica, ratón gregario
Russisk Lesnaja mysjovka (Лесная мышовка)

Bjørkemus, Sicista betulina, er eit pattedyr i hoppemusfamilien. Ho er den einaste representanten for hoppemusfamilien i Noreg. Bjørkemusa sitt utbreiingsområde strekkjer seg frå Noreg og Danmark i vest til Bajkalsjøen i Sibir i aust, og frå Polarsirkelen i nord til Karpatane i sør. Ho er svært vanleg i delar av Russland og Ukraina, men mindre vanleg der ho førekjem i Vest-Europa. Det er vanskeleg å veta nøyaktig kor stor bestanden er, då bjørkemusa er sky og vanskeleg å fanga.[1] Ho vart først registrert i Noreg i 1907 og har sidan blitt funnen frå Akershus til Nordland, men oftast nord på Austlandet og i Midt-Noreg.[2] Ho er oppført på raudlista til fleire land i Europa, m.a. Tyskland, Danmark, Romania, Tsjekkia og Litauen, men den norske bestanden blir rekna som trygg.

Bjørkemusa finst i diverse landskapstypar. Det har blitt foreslått at ho tilbringer sommaren i våtmarksområde og flyttar til skogområde om vinteren. Ho ligg i dvale i seks månader i året, og mister på den tida opp til halve kroppsvekta si.[1]

Utbreiingsområdet til bjørkemusa

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]