Hoggorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hoggorm

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

To fargevariantar av hoggorm. Foto: Malene Thyssen
To fargevariantar av hoggorm.
Foto: Malene Thyssen

Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Klasse: Krypdyr (Reptilia)
Orden: Skjelkrypdyr (Squamata)
Familie: Hoggormfamilien (Viperidae)

Hoggormen (Vipera berus) er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien, den einaste av desse som lever fritt i Nord-Europa, og den einaste giftslangen som lever i Norden.

Av alle slangeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbreiing. Han lever over det meste av Europa og Asia, frå Storbritannia i vest til Kinas stillehavskyst i aust, og godt nord for polarsirkelen i nord. Han finst i nær sagt all slags terreng, opp til ca 3000 meters høgd over havet.

I Noreg finst hoggormen nordover til Helgeland, det nordlegaste enkeltfunnet er gjort i Rana[1].

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Nærbilete av orm med sikksakkmønster.
Foto: Zdeněk Fric
Svart hoggorm.
Foto: Artur Mikołajewski

Hoggormen er normalt lett å kjenne att på sikksakkmønsteret han har på ryggen, men på dei mørkaste eksemplara kan mønsteret vere vanskeleg å sjå. Hoggormen finst i ulike fargekombinasjonar. Hoene har ofte ein brunaktig botnfarge og svart mønster, mens hannane har ein meir gråleg botnfarge. Unge hoggormar kan vere mørkebrune, fargen dei får som vaksne kjem ikkje alltid før dei er nokre år gamle.

Somme individ er svarte. Dette skyldast ein pigmentfeil, og ser ikkje ut til å vere arveleg. Dei svarte individa har dårlegare kamuflasje, men vil til gjengjeld bli raskare oppvarma i solsteiken enn dei lysare eksemplara. Det kan forklare kvifor svarte hoggormar er vanlegare i dei nordlegaste delane av utbreiingsområdet enn i dei sørlegaste.

Ein vaksen hoggorm veg 150–200 gram og vert vanlegvis 50–70 cm lang, men han kan verte opptil 90 cm. Hoa er litt større enn hannen. På Nordmøre vart det ein gong målt ei hoe på 89 cm. Hoggormen kan bli opptil 20–25 år gammal.

Hoggormen har to gifttenner fremst i overkjeven. Sjølve gifta vert laga i spyttkjertlar i nakken, og vert samla opp i ei flaskeforma hole omgjeven av kraftige musklar. Derfrå vert ho ført fram til tannspissane gjennom ein kanal i overkjeven og tynne røyr i tennene. Gifta er ei blanding av ulike enzym og liknar litt på magesyre. Ho har to funksjonar, dels skal ho drepe byttet og dels skal ho framskynde nedbrytinga av det etter at ormen har svelgja byttedyret.

Som andre slangar kan hoggormen ikkje høyre, men han oppfattar lyd som vibrasjonar i marka. Han har svært god luktesans.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Hoggorm i lyset.
Foto: Zdeněk Fric

Hoggormane er vekselvarme dyr, det vil seie at dei vert varma opp av lufttemperaturen rundt seg og solstrålinga som treffer dei. Når det er kaldt i veret, vil dei vere trege i rørslene. Då kan ein ofte finne dei på steinar eller stubbar i solskinet, der dei prøver å få opp kroppstemperaturen. Om ein opplever å sjå ein hoggorm, vil det ofte vere på vegen. Det er fordi dei vert tiltrekte av den varme asfalten som dei bruker til å varme seg på.

Hoggormen liker seg godt i lyng med berre fjellflekkar imellom, spesielt der det er varmt og solrikt. Han trivst ikkje på fuktige stader, men må ha tilgang til vatn i nærleiken. På nordlege breiddegradar, som for eksempel i Skandinavia, er hoggormen mest aktiv om dagen, eventuelt morgon eller kveld. Han er òg flink til å klatre, og kan godt klatre i tre.

Hoggormen er ikkje aggressiv, og når han verer menneske satsar han ofte på at kamuflasjefargane skjuler han før han prøver å flykte. Ein kan komme så tett innpå som eit par meter før han stikk av. Dersom hoggormen ikkje har nokon sjanse til å komme seg unna, vil han normalt først krølle seg saman og kvese, som ei siste åtvaring. Han bit berre om han vert overraska eller provosert og ikkje kan komme seg unna. Dette kjem truleg av at det er energikrevjande å lage gift, og at han helst vil spare på kreftane. På grunn av at han har ein tendens til å stole på at kamuflasjen fungerer, skjer det ofte at menneske som ønskjer det tar livet av han.

Hoggormen overlever maksimalt ein halv time i kuldegradar, så i dei kaldaste delane av leveområdet, som i Skandinavia, ligg han i dvale om vinteren. Som regel samlast det fleire individ, opptil mange hundre, som overvintrar i lag. Dei går i hi i oktober månad. Hia finn dei i frostfrie jordhòler og steinrøyser, gjerne i sørhellingar utan for mykje vegetasjon slik at bakken raskt vermast opp av sola om våren. Dei kjem ut av hiet att i april eller mai. Hannane kjem ut to til tre veker før hoene. Nokre dagar etter at dei har komme ut av hiet, skiftar dei ham, det vil seie at det ytre hudlaget losnar og vrengest av. Deretter kan dei ha eitt eller fleire hamskifte i løpet av sommaren.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Føda består for det meste av smågnagarar, men stålormar og amfibium som froskar og firfisler er òg viktige i kosthaldet til hoggormen. Når sjansen byr seg, et han òg fuglar og fugleegg.

Hoggormen et ikkje regelmessig, kor ofte han et avhenger av jaktlykka. Han jaktar anten ved å liggje stille og vente på at eit bytte skal nærme seg, eller ved å følgje luktsporet til byttedyret. Når han kjem tett nok innpå, hogger han til og sprøytar gift inn i byttet, som vert lamma av gifta og døyr i løpet av få minutt. Så slukar han byttet heilt. Ein hoggorm vil trenge om lag 25 vaksne mus i løpet av ein sommar.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

To hannormar følger kvarandre tett ved byrjinga av paringstida.
Foto: Piet Spaans

Hoggormen vert kjønnsmoden når han er 3–5 år gammal. Paringa føregår på våren. Det er vanleg at hannane kjempar langvarige kampar med rivalar om retten til å pare seg med hoene. Etter paringa har ikkje hannen og hoa meir med kvarandre å gjere. Hoa er drektig i 60–100 dagar, og føder inntil ca 20 ungar i august/september. Tidspunktet er litt avhengig av kva for breiddegrad han lever på. Hoggormen er kjend for å føde levande ungar, men ein meir korrekt beskriving er at egga vert klekte rett før fødselen. Dei er 15–20 cm lange når dei er nyfødde, og dei er giftige når dei vert fødde. Ungane i eitt og same kull kan ha forskjellige fedrar. Etter fødselen vil mora vere svært avkrefta. Kroppsvekta vil då vere om lag halvparten av det normale, og ho treng heile neste sommar på å ete seg opp att. Hoggormhoene får derfor ungar berre annakvart år, nokre gonger kvart tredje år. Mora tar seg ikkje av ungane, dei må klare seg sjølv med det same dei er fødd.

Bit[endre | endre wikiteksten]

Fanga hoggorm bit i ein hanske.
Foto: Piet Spaans

Mange menneske er redde for hoggormen, men faren for at dei nokon gong vil bli biten av han er svært liten. Normalt vil hoggormen prøve å unngå menneske, anten ved å ligge roleg i håp om å ikkje bli sett, eller ved å flykte. Om han vert overraska eller provosert og ikkje kan komme unna, må han forsvare seg. Då rullar han seg saman og gjer seg klar til å bite, og når han bit så gjer han det lynraskt.

Den som vert biten merkar først eit stikk som kan minne om eit nålestikk. Etter nokre sekund vil det gå over til ei kraftig svie, omtrent som kvepsestikk, og det kan piple litt blod frå såret. Det er individuelt kor sterkt ein reagerer på hoggormbit, men etter nokre minutt kan ein bli svimmel, kvalm, øm og få smertar i store delar av kroppen. Lokalt rundt bitet kan ein hovne kraftig opp. Om smertane og hevinga er kraftig, må ein rekne med at det vil ta fleire dagar før alle symptoma er borte. Somme får inga symptom i det heile tatt etter å ha blitt bitne. Det er ikkje fordi dei er immune mot gifta, men fordi hoggormen ikkje sprøyta inn gift. Han kan nemleg sjølv bestemme om han skal sprøyte inn gift eller ikkje når han bit, og det er ikkje alltid han vil sløse med gifta. Dette skjer i om lag 30 % av tilfella.

Kva gjer ein ved bit?[endre | endre wikiteksten]

Dødsfall etter hoggormbit er sjeldne i Noreg. Det er viktig at ein som er biten av hoggorm held seg i ro. Ein skal ikkje klemme, skjera eller suge på bitstaden. Barn som er bitne, skal berast. Alle som er bitne bør kontakte lege for informasjon. Får ein alvorlege symptom bør ein ringa naudnummer 113. Har ein symptom som nemnt over skal ein til sjukehus. Også barn under 12 år, eldre, gravide, personar med redusert ålmenntilstand, personar som nyttar ACE-hemmarar (ein spesiell blodtrykksmedisin) og personar som er bitne i hovud, hals, bryst, mage og rygg skal til sjukehus.[2]

Vanlege misoppfattingar[endre | endre wikiteksten]

Det verserer ein del mytar om hoggormen, dette er nokre av dei mest seigliva.

  • Hoggormungane er giftigare enn dei vaksne dyra. Det er ikkje riktig, tvert imot. Dei er mindre av vekst og har mindre giftmengd. Og det er giftmengda som vert sprøyta inn i såret som avgjer kor farleg bitet er. Hoggormane er giftige frå dei vert fødde, men ungane er ikkje giftigare enn dei vaksne dyra.
  • Hoa må klatre opp i et tre når ho skal føde for å unngå å bli biten av ungane. Dette er ei utbreidd misoppfatning. Riktig nok kan hoa finne på å klatre opp i ein busk eller opp på ei grein når hun skal føde, men det er fordi tyngdekrafta vil hjelpe henne under fødselen, ikkje fordi ho er redd for å bli biten av ungane.
  • Hoggormen kan ta kjeven ut or ledd for å svelgje store bytte. Dette er ikkje riktig. Hos slangar er nedre kjevebein todelt og kopla saman av ei sene slik at dei to delane kan strekkast frå kvarandre. Kjevebeina er ikkje kopla direkte til skallen, men til eit anna bein, som igjen er kopla til skallen. Dette gjer at kjeven til slangar er svært tøyeleg når han skal gape over store bytte, men kjeven går ikkje ut or ledd...

Freding[endre | endre wikiteksten]

Hoggormen er ein av tre slangeartar som lever fritt i Noreg, og den einaste giftige. Dei to andre slangeartane i Noreg er buormen og slettsnoken. Stålormen vert ofte tatt for å vere ein slange, men han er ei øgle. Alle frittlevande slangar i Noreg er freda etter viltlova. Hoggormen er òg freda over det meste av Europa.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hoggorm