East av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
East
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mai 2004
Innspelt 20. februar 1990
Spelestad Werner-Seelenbinder-Halle i Aust-Berlin i Aust-Tyskland
Sjanger
Lengd 1:19:49
Selskap TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Ottawa - June 20th 1986
(2004)
East Arizona Live '92
(2004)


East er det 87. albumet totalt og det 19. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i mai 2004.[1] Dette var det andre av i alt fem album i den såkalla Vault-serien til bandet.[1]

East inneheld det meste av konserten og eitt ekstranummer som Tangerine Dream spelte i februar 1990 i Aust-Berlin, kring tre månader etter Berlinmuren fall. Konserten vert stundom kalla «Brand'n'burger-konserten».[1]

Konserten var spesiell på mange måtar. Det var den einaste konserten etter studioalbumet Lily on the Beach (1989) og Tangerine Dream bestod av fem medlemmar for første gongen i historia deira på denne tida. Det var den første konserten med Jerome Froese og Linda Spa som ein del av bandet. Hubert Waldner, som spelte på konserten, spelte ikkje på andre konsertar med Tangerine Dream, men var med som gjesteartist på Lily on the Beach og Melrose). Dette var òg den siste konserten bandet spelte i eit delt Berlin, kring ti år etter den første konserten deira der i Palast der Republik, som det finst opptak av på Quichotte.[1]

Albumet kunne berre tingast via nettsida til Tangerine Dream. Dei første 200 som bestilte plata fekk sine eksemplar signerte av Edgar Froese og Jerome Froese, med handskriven nummerering på baksida. Desse kom òg med ei bonusplate. Desse 200 platene vart utselde på under 24 timar.[1] I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg digitalt i nettbutikken til Tangerine Dream. I mars 2009 kom albumet ut for ålment sal, men då med eit nytt plateomslag.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Marakesh»8:55
2.«Atlas Eyes»3:15
3.«Gaudi Park»5:04
4.«Cat Scan»4:51
5.«Teetering Scales»3:26
6.«Lily on the Beach»4:04
7.«Nomad's Scale»8:35
8.«Daybreak on the River Spree»3:46
9.«Longing for Cashba»9:33
10.«Mount Shasta»4:28
11.«Alaskan Summer»3:31
12.«Wall»Street
13.«Hitchhikers Point»4:55
14.«Long Island Sunset»7:38
15.«Berlin Summer Nights»4:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «East». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.