Edinburgh International Harp Festival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edinburgh International Harp Festival er ein årleg harpefestival som blir halden i Edinburgh i Skottland. Han omfattar konsertar, verkstader og kurs for harpe, i tillegg til ei av dei største utstillingane av harpemakarar i verda. Festivalen blir organisert og promotert av The Clarsach Society, to fast tilsette og ei rekkje frivillige. Festivalen blir halden i april kvar år, og tiltrekkjer seg over 500 harpistar frå over 25 land.[1][2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Harpemakarane Pilgrim Harps heldt den fyrste festivalen, som då blei kalla Celtic Harp Festival, i 1982, på same tid som den seinare nedlagde Edinburgh Folk Festival. Etter to år gjorde den raske veksten til det som no hadde blitt Edinburgh Harp Festival at ein trengde meir middel og hjelp til å drive han. Pilgrim Harps heldt fram med å støtya festivalen, men overførte leiinga til Edinburgh-greina til Clarsach Society. I 1991 overførte Edinburgh-greina ansvaret til foreldraorganisasjonen, The Clarsach Society. Festivalen har vore halden kvart år sidan han blei grunnlagd, men blei halden virtuelt i 2020 og 2021 på grunn av koronapandemien.[2] I 2022 kom festivalen tilbake i eit hybridformat, med både virtuelle og personlege arrangement, og flytta til George Watson's College etter 20 år ved Merchiston Castle School.[4]

I 2002 endra festivalen namn til Edinburgh International Harp Festival for å anerkjenna det aukande talet på internasjonale utøvarar og deltakarar som kom til arrangementet.[2]

I 2006 sette festivalen ein verdsrekord godkjend av Guinness rekordbok for «største harpe-ensemble» då han samla ei gruppe på 201 harpistar som spelte saman.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About The Society». The Clarsach Society. Henta 3. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «EIHF-The First Forty Years». Henta 19. september 2021. 
  3. Rudden, Liam (30. mars 2020). «Edinburgh's International Harp Festival goes global as it reinvents itself as a virtual online event». Edinburgh Evening News. Henta 19. september 2021. 
  4. «2022 Arts Preview: The Year Ahead in Folk & Jazz». The Scotsman. 1. januar 2022. Henta 3. februar 2022. 
  5. Glenday, Craig (29. april 2008). Guinness World Records 2008. ISBN 9780553589955. Henta 19. september 2021.