Edward Lorenz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Norton Lorenz
Fødd 23. mai 1917
Død 16. april 2008 (90 år)
Yrke Matematikar og meteorolog


Edward Norton Lorenz (23. mai 191716. april 2008) var ein prislønt amerikansk matematikar, meteorolog og ein av pionerane innan kaosteorien. Han er spesielt kjent for sommarfugleffekten.

Han studerte matematikk ved Dartmouth College i New Hampshire og Harvard University i Massachusetts. Under andre verdskrigen gjorde han teneste som varslingsmeteorolog for det amerikanske flyvåpenet. Etter krigen tok han opp studium i meteorologi ved Massachusetts Institute of Technology der han seinare var professor i mange år. I den perioden hadde han eit nært samarbeid med mellom andre norske Arnt Eliassen.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

På 1960-talet konstruerte Lorentz ein deterministisk modell for å studere atmosfærisk sirkulasjon ved hjelp av datamaskiner. Han oppdaga at ørsmå variasjonar i starttilstanden til kvar av dei tolv parametrane til modellen førde til totalt divergerande løysingar. Denne kjennslegheita for startvilkåra vart etterkvart kjent i popularisert form under namnet sommarfugleffekten. Han brukte denne nemninga første gongen under eit foredrag 29. desember 1979.

Lorenz fortsette med å utleie dei underliggande matematiske samanhengane og publiserte eit forholdsvis enkelt sett av likningar som til saman skildrar eit kaotisk mønster seinare kjent som lorenzattraktorar.

Han er rekna som ein av dei mest viktigaste matematikarane på 1900-talet.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]