Egon Schiele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1912
Hus med trespon, 1915
Portrett av Edith Schiele som sit, 1917
Sitjande kvinne med bøygd kne, 1917

Egon Schiele (12. juni 189031. oktober 1918) var ein austerrikske målar, i ettertid rekna som ein av dei store figurative målarane i det tidlege 1900-talet. Mellom verka hans finst ein stor del intense sjølvportrett. Figurane i bileta hans er vanlegvis vridde og skeive, noko som gjer han til ein representant for ekspresjonismen. Hans intense og korte liv og målestil gjorde han også til eit ikon mellom bohemar i samtida.

Schiele vert, ved sida av Gustav Klimt og Oskar Kokoschka, halde for å vere den viktigaste figurative kunstnaren i Wien i tida straks før og under fyrste verdskrigen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Schiele var fødd i Tulln i Austerrike. Han var femten år gammal då far hans døydde av syfilis. Straks etter, i 1906, byrja han på Kunstgewerbeschule,[1] Wiens kunstfagskule, men allereie same året klarte han opptaksprøva til det meir prestisjefylte Wiens kunstakademi, og tok til der i staden.

På akademiet kom han etter kvart i konflikt med leiinga, og Schiele slutta skulen i 1909. Då deltok han allereie på utstillingar med eigne arbeid. Samstundes pleia han vennskapleg omgang med Gustav Klimt, hans store inspirasjonskjelde og venn. Etter Schiele hadde fridd seg frå det konservative miljøet i akademiet, byrja han i kunsten sin å utforske mennesket og seksualiteten. I samtida var mange sjokkerte over det direkte og openberre uttrykket i bileta hans, særleg det erotiske uttrykket. Schiele var mest oppteken av streken, forma i bileta sine, fargebruken vart nedtona. Mange måleri og teikningar er prega av ein kvass strek, som tidvis får figurane til å framstå som deformerte.

Ein av Schieles modellar, Wally Neuzil, vart med tida elskarinna hans. Saman flytta dei to til Neulengbach, 35 kilometer vest om Wien. I landskapet på staden hadde han fri tilgang til inspirerande motiv og samstundes billeg losji. Men den ukonvensjonelle livsstilen deira vekte mishag hos mange ibuarar på staden og Schiele sat 24 dagar i fengsel, etter å ha vorte skulda for å ha forført mindreårige. I staden for å verte dømt i samsvar med skuldingane, vart han dømt for å «spreidd pornografisk materiale til born». Schiele braut i 1915 sitt fireårige forhold til Neuzil for å gifte seg med Edith Harms, ei kvinne som budde tvers overfor ateliéret hans.

Gjennom den fyrste verdskrigen viste Schiele seg å vere ein fantastisk produktiv kunstnar med nyskapande bilete. Utstillinga til Wiener Sezession i 1918, der Schiele var ein av dei mest framståande deltakarane og til og med utforma utstillingsplakaten, vart hans store gjennombrot som målar. Og under sitt siste leveår stilte han deretter ut i både Zürich, Praha og Dresden.

Den gravide kona hans døydde seinsommaren 1918 i spanskesykja. Schiele sjukna sjølv av same sjukdomen og døydde i Wien, tre månader etter kona si.

I 1930 vart ei gate i Wien, Egon Schiele-Gasse, kalla opp etter han. Nokre år seinare, etter nazistane hadde kome til makta i Tyskland i 1933 og gjennom Anschluss av Austerrike i 1938, vart Schiele sin kunst stempla som "Entartete Kunst", til liks med heile kunstretninga ekspresjonismen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Egon Schiele

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagens Universität für angewandte Kunst Wien. Sjå [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]