Egyptisk blå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Egyptisk blå

Egyptisk blå eller kalsiumkoparsilikat (CaCuSi4O10 eller CaO·CuO·4SiO2), er eit pigment nytta av egyptarane i tusenvis av år. Det vert rekna for å vere det første syntetiske pigmentet. Pigmentet vart av romarane kalla caeruleum. Vitruvius skildrar i verket sitt De architectura korleis det vart produsert ved å male sand, kopar og natron og varme opp blandinga, forma som små kuler, i ein omn. Ein treng òg kalk i produksjonen, men truleg nytta egyptarane kalkrik sand. Etter romartida vart ikkje egyptisk blått nytta lenger og korleis ein framstilte det vart gløymd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]