Ehud Barak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ehud Barak

Ehud Barak (hebraisk: אהוד ברק, fødd 12. februar 1942 i Palestina) er ein israelsk politikar og yrkesmilitær som i perioden 1999–2001 var den tiande statsministeren i Israel. Han er for tida leiar i det israelske arbeidarpartiet Avoda.

Barak verva seg i den israelske hæren i 1959 og tenestegjorde i 35 år. Han vert rekna som ein av dei store krigsheltane i Israel[1] og gjorde aktiv krigsteneste i 1967 og 1973. Då han forlét militæret hadde han graden generalløytnant (den høgste i det israelske forsvaret). Mellom 1983 og 1986 var han leiar for militæretterretninga og frå 1991 til 1994 var han generalstabssjef i det israelske forsvaret.

Han satsa på ein politisk karriere på 1990-talet. I 1995 vart innanriksminister i regjeringa til Yitzhak Rabin og etter at han vart myrda, utanriksminister i regjeringa til Shimon Peres i perioden 1995–1996. Han vart vald inn i Knesset i 1996 og vart medlem i utanriks- og forsvarskomiteen. Han vart same år vald til leiar for det israelske arbeidarpartiet, og den 17. mai 1999 vart han vald til statsminister i Israel. Han forlét statsministerposten den 7. mars 2001 etter å tapt valet mot Ariel Sharon. I 2001 gjekk han òg av som partileiar, men i 2007 vart han vald til leiar att og vart samtidig forsvarsminister.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barak, Ehud» på SNL.no