Shimon Peres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Shimon Peres
Shimon Peres

Shimon Peres, hebr. שִׁמְעוֹן פֶּרֶס (f. 21. august 1923) er ein israelsk politikar og vinnar av Nobels fredspris. Han er frå den 15. juli 2007 president i Israel.

[endre] Politikk

Peres var sosialdemokrat, og langvarig medlem av det israelske arbeidarpartiet. Han gjekk i årsskiftet 2005-2006 ut av Arbeidarpartiet og over til det nye sentrumspartiet Kadima. Han var israelsk statsminister frå 1984 til 1986 og frå 1995 til 1996. Han har òg vore vise-statsminster, og har i fleire tidbolkar vore utanriksminister. Han var òg ein av 25 visepresidentar for Sosialistinternasjonalen.

Peres fekk Nobels fredspris i 1994, saman med Yassir Arafat og Yitzhak Rabin. I 1997 grunnla han Peres fredssenter.

[endre] Liv

Peres blei fødd som Shimon Perski i Wiszniew i dåverande Polen (no Visjniev i Kviterussland). Familien flytta til Tel Aviv i Israel i 1934.

Han gifta seg med Sonya Gelman, dei har tre ungar. Peres er søskenbarn til skodespelaren Lauren Bacall (fødd Betty Joan Perske).

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy